AUSTRALIA, DEL 1:
Det var her Niels Larsen forlét briggen og fortida for å finna gull. I dag er millionbyen kulturhovudstaden i ein verdsdel.
Kunstnarlege gallionsfigurarar på brygga ved tollstasjonen der Niels Larsen gjekk i land.
Alle foto: Håvard Rem
Det var siste gongen eg kom til ein verdsdel for fyrste gong. Eg hadde vore i dei andre, men ikkje i Australia. Eg gjekk merksam og mållaus attmed elva Yarra i Melbourne og såg etter ei brygge der skipet med Niels Hertzberg Larsen frå Tromøya kunne ha lagt til, ein stad der ferda mi kunne byrja når eg no skulle fylgja i spora hans over kontinentet. Han segla opp Yarra i 1855. Det visste eg. Snart skulle eg få vita at brygga eg stod på, var sjølve staden der han gjekk i land.
INNVANDRARMUSEET
Frå Bass-stredet – eit havstykke mellom Tasmania i sør og Australia i nord – segla han gjennom eit smalt sund inn i ei stor og naturleg verna bukt. Det seier sitt om dei topografiske dimensjonane i Australia at hamnebassenget er på storleik med Vestfold fylke. Inst i bukta går Yarra opp til Melbourne. Attmed elvebreidda ligg bysentrum som eit gatenettrektangel, teikna før byen vart bygd for mindre enn 200 år sidan, i dag omkransa av ei gratis trikkesløyfe. Attmed den sørlege breidda, der det låg ein forslumma gullgravarteltby då Larsen kom, har det reist seg ein velfungerande storby med ein demografisk profil like moderne som millenniumsskyskraparane. Borte er ikkje berre telta, og hyttene som stod der før telta, men òg dei innfødde.
Rett bak brygga der Larsen la til, på den andre sida av jarnbanespora, står ein staseleg, gul bygning som må ha ruva i bybiletet i 1855, om lag som Stortorvets Gjæstgiveri i Oslo, men som i dag forsvinn mellom kolossar som får høghusa kring Stortorget til å verka små. Eg legg merke til bygningen grunna det raude skiltet: Immigration Museum.
To tilsette ventar smilande i lobbyen. Ein tysdag morgon er det ikkje folksamt.
– Niels Larsen. Var han svensk?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.