Augneblinkens kunst
På scena er han Hamlet, den triste og hemngjerrige prinsen av Danmark. Bak scena er han Preben Hodneland frå Lindås.
- I ein karakter bruker ein seg sjølv mykje, og eg var ikkje heilt førebudd på kor mentalt sliten eg kom til å bli av alle dei store spørsmåla i stykket, seier Preben Hodneland.Foto: Erlend Lorentzen
Han er ein av verdslitteraturens mest komplekse karakter. Den danske prinsen i Shakespeare sitt stykke fascinerer forskarar, lesarar, litteraturvitarar, teatertilskodarar – til og med psykologar. Hamlet er slu, vittig, brutal og sårbar. Men kven Preben sin Hamlet er, det er spørsmålet.
Første gong ein ser Preben Hodneland, får ein ei kjensle av å bli star-struck. Du veit når du blar i kjendismagasin og ser Hollywood-stjerner i smoking på den raude løparen på ei side, og så ser du dei i joggedressar gatelangs når du blar til neste. Vel, Preben Hodneland to timar før hans 25. Hamlet-framsyning er litt slik.
– Hei, sorry for at eg er sein. Eg har nett vore og trent, seier skodespelaren, med hette over hovudet og ei bag over skuldra. Med raske steg syner han veg inn i Bergen-teaterets underetasje.
I garderoben til Preben, eit rom som er større enn dei fleste studentkollektiv, ligg det ei pakke sure sild på bordet, og fleire handskrive brev heng på veggen over spegelen. Elles er garderoben heilt tom for personlege eigedelar.
– Å, ja, eg fekk ein pakke sure sild, seier han og ler.
– Det var ein publikummar som bråka sånn med pakninga, så midt under framsyninga gjekk eg bort til henne og spurde om å få ei sild. Og det fekk eg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.