Teknologi
Arvesylvet
Figur 1. Arvesylvet før og etter pussing.Figur 1. Arvesylvet før og etter pussing.
Éin ting er å vera fødd med sylvskei i munnen. Noko anna er det å eta egg med henne. Då vert ho svart. Kvifor? Det må jo vera noko i egget som får det til å skje. Prior hevdar at egg inneheld alt, så då er me like langt.
Har du nokon gong lagt merke til den grøne ringen rundt eggeplomma? Han kjem av ein reaksjon mellom jarn og svovel. Likar du lukta av rotne egg? Lukta kjem av at svovel har slått seg saman med hydrogen. Fellesnemnaren er svovel, og det er han som går til åtak på sylvet.
For oss som likar ein noko forenkla versjon av tilværet, kan den kjemiske reaksjonen skrivast slik: 2Ag(+)+ S(2-) -> Ag2S. Ag2S, sylvsulfid, er det svarte me ser på sylvet. Det er eit salt som er vanskeleg å løysa opp.
Det er kjekt med tradisjonar. Kona og eg pussa sylvtøy før kvar jol. Med aviser på bordet, klut i handa og lukt av pussemiddel i nasen, gnikka og gnei me til alt vart skinnande blankt. Medan me heldt på, gjekk praten om alt mogleg og litt til. No er det sumar, og eg sit her som enkjemann med ofselege mengder sylvtøy frå to rydda våningshus. Det vert tid til å tenkja mens eg gnikkar (figur 1). Kva er det eigentleg som skjer i denne prosessen, og kan han forenklast?
Eg ser på den blå flaska med sylvpuss. I henne har dei putta Mr Muscle, ein staut kar som inneheld oktodekan-1-tiol. Det er ei ikkje heilt sunn kjemisk samansetjing som inneheld tolv karbonatom med eit svovel og hydrogenatom i enden.
Oktodekan-1-tiolen trengjer ned i krokar og krikar i sylvet og løyser opp Ag2S. Flaska inneheld også noko anna som ikkje er deklarert, nemleg pulverisert kiselgur. Det er eit silisiumoksid som er eit strålande slipemiddel som gjer sylvet fint og blankt. Pussar me bort sylvet i denne prosessen? Vel, det forsvinn 1 my (0,000001 meter) sylv kvar gong. Det kan både du og eg leva godt med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.