Arnold Eidslott (1926–2018) Lyrikaren Arnold Eidslott døydde 19. april, 91 år gammal. Frå debuten i 1953 med
Arkivfoto frå forlaget
Lyrikaren Arnold Eidslott døydde 19. april, 91 år gammal. Frå debuten i 1953 med Vinden taler til den døve til Postludium i 2012 kom det 26 samlingar. I mellomrommet mellom modernistisk fortviling og religiøs trøyst skapte han eit eineståande verk i norsk lyrikk, som eit samstemt kritikarkorps har sett store kvalitetar i.
Arnold Eidslott vart fødd i Skarbøvik på Hessa i Ålesund kommune, nær sjø, brot og vind og i eit nabolag av fiskarar og sjøfolk. Faren var sjømann, og Arnold var også på sjøen i unge år, både innanriks og utanriks. Under okkupasjonen vart familien evakuert til Sykkylven nokre dagar, og midt i redslene vart Arnold send til næraste gard for å kjøpa brød. Kona på garden kom med eit stort brød, og la til: «Velsigne deg, du skal få brød!» Seinare skreiv han ustanseleg om desse to tema: krigens meiningsløyse og den velsigna «brødets gave».
Etter krigen byrja han på realskulen i Syvde, men han braut av etter eit år. Der hadde han ei skilsetjande oppleving. Einsam og forfrosen gjekk han inn på eit husmøte ein kveld, mest for å få varmen i seg. Då var han overvelda av eit religiøst nærvær som prega han i vekevis, og som han skriv om livet ut. «Overveldet var jeg av alt og alene/ Hvem kunne gjøre et kart over meg/ Mitt landskap lot seg ikke tegne» (Ved midnatt da havet sank). Det finst også mange spor av sjømannsåra i dikta, i maritim biletbruk og namn frå fjerne himmelstrok.
Då Eidslott gjekk i land, fekk han seg arbeid som montør i Televerket, der han arbeidde til han gjekk av med pensjon. «Du bandt meg til rolig gjerning», skriv han i eit tidleg dikt, og er takksam for eit regelmessig arbeidsliv. Men dramatikken finst ein annan stad; for «hjertet er dypere enn havet». Ei endring kom til då han fekk Statens Æreslønn i 1986; då gjekk han ned til halv stilling.
I dei første samlingane til Eidslott er det ei blanding av undring, religiøs lengt og til tider skarp samtidssatire. Formuleringane er både kryptiske og humoristiske: «den hermetiserte mann/ skyr boksåpneren». Paal Brekke kritiserte han for å vera for retorisk, og i 1965 svara han med det som gjerne blir omtala som gjennombrotsboka: Manes. Det er heilt korte, konsentrerte dikt, dystre i sin konsentrasjon om døden: «Hode for hode bygges avgrunnens/ kinesiske mur». Men ut av denne dåpen i dødsmedvit kjem eit hardt tilkjempa håp og ei svimlande kjensle av det privilegerte i livet.
Eidslott sende no ut ei rekkje samlingar med korte, konsentrerte dikt med stort trykk. Somme meldarar såg kvalitetane, og somme lesarar fylgde han trufast, men langt på veg var han eit ukjent namn. Han ferdast heller ikkje i litterære krinsar, men heldt seg med familien på Emblem og seinare Vegsund i Ålesund.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.