Arktisk eller eksotisk?HARSTAD: Kva er arktisk og med interesse utanfor seg sjølv? Det må Festspela i Nord-Noreg og direktør Maria

HARSTAD: Kva er arktisk og med interesse utanfor seg sjølv? Det må Festspela i Nord-Noreg og direktør Maria Utsi finne ut av viss dei skal skape seg ein truverdig arktisk identitet.

Frå kunstutstillinga Subsistence under Festspela i Nord-Noreg, som utforskar korleis det er å leve og overleve i Arktis.
Frå kunstutstillinga Subsistence under Festspela i Nord-Noreg, som utforskar korleis det er å leve og overleve i Arktis.
Publisert

Festspela denne veka var første høvet for Utsi, som tok over direktørstillinga i 2015, til å vise korleis ei vending mot nord skal prege programmet. Vi kan sjå ei klar dreiing mot det arktiske, kva no dette omgrepet måtte tyde.

Det er mange kunstnarar i programmet som på ulikt vis lèt den nordlege dimensjonen prega det dei gjer. Men nytt er det ikkje. La meg minna om Nils-Aslak Valkeapääs opningsprolog i 1991. Multikunstnaren er ein av dei største kunstnarane som har vitja Festspela gjennom meir enn 50 år. Valkeapää var rotfesta i det samiske, men bodskapen var universell og sprengde seg ut av den nordlige ramma.

Det er denne krafta, og ein slik personlegdom, eg har sakna på Festspela. Til dømes blei to sentrale innslag, opningsframsyninga Nyoperaen Neoarctic og kunstutstillinga Subistence, for eindimensjonale.

Føreseieleg

Neoarctic er ein samproduksjon mellom danske Hotel Pro Forma, kjent for performance, installasjonar og opera, og det verdskjente Latvias radiokor. Det er ein kunstnarisk kommentar til klimadebatten. Det latviske koret var imponerande. Musikken var krevjande, tidvis spennande, men der ein vanleg opera byr variasjon, blei dette massivt, mørkt og stilleståande. Kanskje var det intensjonen, men undergangsskildringa blei for føreseieleg.

Noko av det same kan ein innvende mot kunstutstillinga, Subistence. Her utforskar kunstnarar frå dei arktiske landa korleis det er å leve og overleve i Arktis. Sjølvsagt har utstillinga kvalitetar. Mellom anna er fotografi av inuittar med utfyllande tekstar, signert amerikanske Brian Adams, verknadsfulle. Også norske Ingeborg Annie Lindahl inviterte til fin refleksjon om natur og endring med kolteikningane sine. Men totalt sett er det ikkje overraskande eller provokativt nok.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement