Apokalypse no? Ikkje med den avgrensa kjernefysiske kapasiteten til denne fiendenUtpressingspolitikken er attende, og verda er attende på randa av krig. På 1950-talet vart omgrepet knytt til John Foster Dulles, utanriksministeren til president Dwight Eisen
Kim Jong-un observerer målskytinga til nordkoreansk artilleri 13. april 2017.
Foto: KCNA/ NTB scanpix
Utpressingspolitikken er attende, og verda er attende på randa av krig. På 1950-talet vart omgrepet knytt til John Foster Dulles, utanriksministeren til president Dwight Eisenhower. Han definerte utpressingspolitikken som «evna til å nærme seg randa utan å hamne i krigen».
Som han uttrykte det: «Om du ikkje meistrar det, endar du uunngåeleg i ein krig. Om du freistar flykte frå det, om du er redd for å gå til randa, er du fortapt.»
Utpressingspolitikken fall i vanry etter Berlin- og Cuba-krisene tidleg på 1960-talet, då president John F. Kennedy meinte at USA og Sovjetunionen var altfor nær eit kjernefysisk ragnarok.
No er vi der att. Noko av det første Eisenhower gjorde som president, var å gjere slutt på Koreakrigen. Meir enn 60 år har gått, og no har president Donald Trump mana fram gjenferdet til ein andre Koreakrig.
Som vi alt har sett i Syria og Afghanistan, likar Trump å vise fram militær styrke. Bruken hans av amerikanske flystyrkar har likevel vore meint som signal til Kina, først og fremst.
«Eg er viss på at Kina vil handtere Nord-Korea på ein god måte,» tvitra Trump torsdag i førre veke. «Om dei ikkje er i stand til å det, vil USA saman med sine allierte gjere det!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.