Reportasje
Annleisfjorden
Ikkje mange norske fjordar går frå aust mot vest. Men så er Varangerfjorden heller ingen klassisk norsk fjord.
Rein på ei strand ved Varangerfjorden.
Foto: Erlend Skjetne
Det mest interessante hotellet eg har budd på, må vera Barents Frokosthotell i Kirkenes. Under innsjekkinga spør eg resepsjonisten, ein arabar:
– Har de frukost?
– Nei, det har vi slutta med.
På nettet tilrår ein tidlegare gjest å slå opp telt i staden, men vedkomande har neppe forstått at det er andre element enn luksus og komfort som gjer ei hotelloppleving unik. Ta berre ein slik detalj som klokka på veggen i fellesarealet: Ho har stogga, nesten nøyaktig på tolv – og kva kan passe betre? Midtsumars i Finnmark er det jo knapt nokon skilnad på dag og natt, og eit småborgarleg fenomen som frukost mister all tyding.
Til vederlag får vi litt frukt og sjokolade av to russiske bestemødrer, dei einaste andre gjestene på hotellet. Det er berre bra at vi ikkje tøyer bukskinnet ytterlegare: Vi må trass alt få plass i bilen, ein minimodell, fem fullvaksne menn.
Byrjinga
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.