Amtrak
HEILT TEXAS: Medan hardt einevelde sytte for valdsmonopol i Skandinavia, stod USA i ein multietnisk, lovlaus 300-årskrig.
Utanfor ein butikk med leiker og barneklede i Stockyards.
Third Coast er namnet på den store musikkfestivalen som nett har gått føre seg i Galveston i Texas – eit namn som vil minna om at USAs kystline er meir enn kva dei fleste legg i omgrepet coast to coast, aust- og vestkysten. Etter å ha fare i nær to månader med jarnbanen mellom dei tre kystane, er det tid for å venda heim.
I frukostsalen på strandhotellet i Galveston heng eit fjernsyn der me plar følgja amerikanske nyhendekanalar når me ikkje kviler blikket på horisonten. Den smale øya ligg som ein mange mil lang molo mellom fastlandet og uvêret frå Mexicogolfen. Staden låg an til å verta den viktigaste byen sør i Texas då den store stormen i september 1900, framleis USAs største, tok livet av 10.000 menneske og raserte det meste av øya. Sidan har Seawall Boulevard, strandpromenaden framom oss, vorte reist som ein festningsmur, steinblokk for steinblokk. Dei norskætta eg møter i Texas, fortel at det var i Galveston forfedrane deira gjekk i land før dei skipa norsk-texanske byar som Norse og Clifton. Og etter ein storm i 1528 var det i Galveston han vart skyld opp på stranda, den spanske oppdagaren og forfattaren Cabeza de Vaca, før han i åtte år streifa kring i Texas og New Mexico som fange og arbeidar, etter kvart som handelsmann og godt integrert medisinmann. Med alle soldatane sine på havsens botn i Mexicogolfen måtte han på eiga hand finna ut av det med dei innfødde.
Massakre
Om morgonen 18. mai flimrar lokale bilete på skjermen i frukostsalen. Frå resepsjon og kjøken kjem tilsette for å sjå direktesendinga i lag med gjestane. Me ser ein skule i nærleiken der tenåringar vert skotne. Attmed Highway 6 i Galveston Country ligg Santa Fe High School der ein elev, 17 år gamle Dimitrios Pagourtzis, kjem vandrande inn i eit klasserom i fyrste time medan han peikar på ein medelev og seier: «Deg skal eg drepa.» Når han klarar å opna ei barrikadert dør og får sjå det kjende, men ikkje kjære andletet til ein annan medelev, skyt han vedkommande i brystet etter å ha ropa: «Surprise!»
Når eg utpå formiddagen syklar attmed stranda i Galveston, vaiar flagg på halv stong, som då eg kom til Texas nokre veker før og den tidlegare presidentfrua Barbara Bush nett var daud. På fleire store skilt attmed strandpromenaden er no bibelvers og menytilbod erstatta av kunngjeringa: «Santa Fe – you are in our prayers.» Pagourtzis drap åtte elevar og to lærarar, og såra tretten, før han gav seg over til politiet og forklarte at planen hadde vore å spara dei han likte, og skyta dei han ikkje likte. Han hadde særs gode karakterar, men på fjernsynet fortel ein overlevande medelev: «Han snakka aldri med nokon.» Kvifor skaut han ikkje berre seg sjølv? Om anger på norsk kan tyda eit innoverretta sinne, kan det på engelsk tyda det motsette.
Våpena fann syttenåringen heime. Dei høyrde til far hans. Ikkje noko uvanleg med det. I nær helvta av heimane i USA er skytevåpen ein like sjølvsagt del av inventar og lausøyre som grasklippar og fryseboks. Tradisjonen held seg. Prosentdelen av heimar med våpen er like høg i dag som i 1970-åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.