Amtrak

Det finst betre og verre stader enn eit Amtrak-tog og ein Greyhound-buss, men få som bringar deg nærare grasrota.

Når me nærmar oss endestasjonen i Houston, har det blitt eitt og anna ledig sete i Greyhound-bussen.
Når me nærmar oss endestasjonen i Houston, har det blitt eitt og anna ledig sete i Greyhound-bussen.Når me nærmar oss endestasjonen i Houston, har det blitt eitt og anna ledig sete i Greyhound-bussen.
Publisert

Med berre dagar att av Amtrak-passet er det tid for å koma seg til Texas og Mexicogolfen, der ferda skal enda, på ei øy rett sør for Houston, Galveston, The Ellis Island of the West, den viktigaste europeiske innvandrarhamna etter New York og Ellis Island, der ferda mi byrja. Eg er 150 mil unna, i småbyen La Junta i Colorado, og svart belte i kollektivtransport kjem godt med når eg legg ut på den krunglete ferda, med tog som Southwest Chief og Heartland Flyer, med bussar drivne av Amtrak og Greyhound.

Korleis kjem eg meg aust- og sørover frå La Junta? Rett nok er det ein stasjonsby, men medan Sørlandsbanen frå Stavanger til Oslo har sju daglege avgangar, går langdistansetoga i Statane berre ein gong i døgeret. Eg ventar på eit tog som drog frå Los Angeles i går ettermiddag, og som stoggar her i solnedgangen dagen etter, når passasjerane et nista si eller går til restaurantvogna og hyggjer seg før dei etter kvart gjer om setet til seng i sovekupeen eller finn seg til rette i eit sete med straum og ljos i sitjevogna.

Kansas

Dei fleste vel sitjevogna. Ein sovekupé med to senger og wc kostar 10.000 kroner, eller meir om du vil ha eigen dusj òg. I sitjevogna er prisen låg og setene romslege. Ryggen kan du lena attende i nær horisontal stilling, samstundes som du kan lyfta den mjuke og polstra fot- og beinstøtta opp som ei vassrett forlenging av sete og rygg. Eg vekslar mellom å lesa og sova. Plassen er som på businessklasse i eit fly. Ein gong etter midnatt kjem eg attende etter å vore ute på perrongen. I sidesetet sit no ei ung kvinne som nett er komen på. Etter nokre høflege frasar byrjar ho å fortelja om livet sitt. Amerikanarar gjer det. Ho er nett skild frå ein offiser i hæren som freista å ta livet av henne. Korleis? Det er ikkje fyrste gong dei fortel om ektefellar som vil drepa dei. Jau, einkvan varsla henne etter å ha sett ektemannen på eit sjukehus. Kvifor nytta han ikkje militærlækjaren, som er gratis? Jau, av di han hadde ein kjønnssjukdom som han ville halda løynd for jobben og kona. Han vart dømd, og ho er no på veg heim til foreldra i Kansas. Ho trøystar seg med at han sit i fengsel, og at dei ikkje har born i lag.

Som takk for at ho har delt historia si, har ho no løyve til å prata hòl i hovudet mitt. Eg orsakar meg og går ned trappa til nedredekket, der eg finn ein tom kupé og sovnar i eit sete. Når ein konduktør vekkjer meg og fortel at eg må flytta meg av di tretti nye passasjerar er venta på neste stasjon, går eg attende til setet på øvredekket – der det er det einaste ledige. Praten held fram, men eg skal av om ein time, og har gjeve opp å få meir svevn. Når eg klokka tre om morgonen går ned trappa att, no for å forlata toget, ser eg at den tidlegare tomme kupeen på nedredekket er full av born og vaksne amishar.

Kollektivtransporten i Statane er som eit rullande parallellsamfunn. Amerikanarane er i rørsle heile tida, men noko er gale viss dei ikkje nyttar bil når dei flyttar kroppen frå éin stad til ein annan – eller fly om dei skal langt. Amishane har religiøse årsaker: Bil er for moderne. Mange har økonomiske årsaker: Bil er for dyrt. Somme går på sterke medisinar. Somme er analfabetar og har ikkje sertifikat. Andre har mista det. Somme har ikkje hovud til å køyra sjølve. Andre er redde for å fly.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement