Amtrak

Om få år er 630.000 amerikanarar sysselsette i marihuana-industrien – om lag like mange som skal døy av opioidoverdosar.

Tidleg ettermiddag i Central Avenue i Albuquerque.
Tidleg ettermiddag i Central Avenue i Albuquerque.
Publisert

Eg vert overraska når riksavisa skriv om plassen der eg snart skal gå av toget. Nemner dei Las Vegas, er det helst kasinobyen i Nevada og ikkje ein bortgøymd stad i New Mexico. Temaet er kjent: opioidepidemien som skakar Statane. Men at vesle Las Vegas byrjar med testing av tilsette i skulevesenet, er eit nyhende.

Det er ikkje difor eg stoggar her. Eg vil sjå Det ville vesten. Attmed skjenegangen ligg Kansas City, Dodge City og Santa Fe med minne om Krutrøyk, Morgan Kane og Wyatt Earp, men tidsreisa endar i Las Vegas, ein gong ein møtestad for revolvermenn som Billy the Kid, den farlegaste byen før og den mest uforandra no, i det minste av utsjånad. Eg tek inn på legendariske Plaza Hotel frå 1882 og får rommet til Bailey Chase, westernskodespelar og detektiv Don Harrison i 2017-sesongen av Twin Peaks.

Sundag

New Mexico er ein delstat på storleik med Noreg frårekna Finnmark, men med berre to millionar innbyggjarar. Innfødde har drive jordbruk og urbane samfunn her i tusen år, spanjolane bygde ein by her for 400 år sidan. Først i 1912 vart området ein del av Statane.

– Me har aldri vore av interesse for Washington. Landet er mineralfattig, og folk snakka spansk, men dei tok oss med av di me ligg på vegen til California, fortel Tom Clayton.

Eg treffer han og kona ein sundag morgon i Railroad Avenue i Las Vegas. Dei syner meg Rawlins-bygningen frå 1899 som dei no restaurerer. Den særeigne tinnplatefasaden i øvste etasje er ein av få som er att i delstaten. I huset losjerte Harvey-jentene, dei som arbeidde på jarnbanehotellet over gata, som òg vert restaurert no – eit av dei mange Harvey-hotella attmed jarnbanen i Statane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement