AMS – avanserte måle- og styringssystem

Figur 2: blokkskjema for AMS-målaren.
Figur 2: blokkskjema for AMS-målaren.
Publisert

Elektrikaren ser rart på meg. Eg har bede han om å montera den nye straummålaren i stova. Med skjerm og knappar å trykka på hadde han vorte ein pryd i heimen. Eg har alt ein liten vêrstasjon, og då hadde det vore kjekt å samanlikna straumforbruket med ytre faktorar som temperatur og vêrtype.

Eg får ikkje viljen min. Han seier eg kan kjøpa ein liten trådlaus dings og stappa han i HAN-uttaket på målaren. Då kan eg liggja flolagd i sofaen og ha full kontroll med straumforbruket. Eg takkar for tipset og tingar ein med det same.

Det er NVE som har tvinga på oss desse målarane som me sjølve må betala for via nettleiga. Tanken er edel. Smarte straummålarar skal gje forbrukarane betre informasjon om energiforbruket med nøyaktigare avrekning og å gjera automatisk styring av forbruket mogleg.

Eg vert riven ut av konsumentsløvsinnet. Kva slags straumavtale har eg? Etter å ha leita fåfengt på «Min side» og brukt fleire dagar for på å komma i kontakt med straumleverandøren, er konklusjonen klar: den dårlegaste avtalen dei kan tilby. No har eg den beste. Han er så god at dei ikkje eingong reklamerer for han. Med spotpris vert det mykje kjekkare å følgja med.

Eg lastar ned brukarrettleiinga til målaren. Figur 1 gjev ei grei oversikt. Ved å trykka på skjermknappen får ein mykje meir informasjon enn via den gamle elektromekaniske målaren me hadde før. I tillegg til det samla energiforbruket kan ein sjå effektbruk i augeblikket, sameleis måla straum og spenning. Ein får også oppgjeve såkalla reaktiv energi, som må til for å få elektriske maskiner som støvsugarar til å sviva rundt. Den reaktive energien betaler ein ikkje for – ikkje enno.

Figur 2 syner eit blokkskjema for AMS-målaren. Nettet er kopla til gjennom hovudsikringane. Du ser også at det er mogleg med lokal straumforsyning. Med solceller på taket og vindturbin på jordet kan du levera straum tilbake til straumleverandøren din. Det hadde vore gildt å kunne senda rekning andre vegen. Data frå AMS hentar netteigar anten via radio eller SMS-meldingar. Det som er lite kommunisert, er at nettleverandøren også kan kutta straumen din via fjernstyring dersom du ikkje betaler rekninga, eller det skjer ting i samfunnet som gjer at du ikkje vert prioritert som kunde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement