Bok
Alt kunne vore annleis
Denne romanen kjem til å bli sittande i kroppen langt fram i tid.
Johannes Anyuru fekk August-prisen for romanen som no er komen på norsk.
Foto: Forlaget Press
Du kjenner følelsen av at nokon er nær deg, at ein person har kome seg inn og står og ventar på deg i gangen. Du veit godt at du eigentleg er aleine, men du tør nesten ikkje røre deg, og du skvett til når du høyrer lydar frå kjøkkenet, sjølv om det berre er kjøleskapet som knatrar kvikt på sitt vante vis.
Sjølv hadde eg visst gløymt korleis det er å vere mørkeredd. Eller mørkeredd – det er ikkje berre når det er mørkt ute eg les Johannes Anyurus Augustpris-vinnande roman. Eg blir så redd og rar, òg i lyset, som om det skjer noko rundt meg som eg ikkje har kontroll over. For det er mykje mørke i romanen til Anyuru, så mykje at det lyse han puttar inn som kontrastar òg blir ein del av mørkeret: «Jeg prøver å huske smerten for deg, men den er bare et hvitt lys, den ligner på vintersola (...).»
Framtida
Vi er i Göteborg, og eg trur vi er nokre få år fram i tid. Romanen krinsar kring terrorisme og rasisme, både hendingar som har skjedd og andre som er heilt eller til dels fiktive, mellom anna eit åtak på ein bokhandel. Men kvardagen er nesten som vår. Det er først når vi kjem inn i hovudet på ein av bokhandelterroristane, ei mystisk ung kvinne, det blir ekkelt.
Ein forfattar besøker kvinna på ein institusjon. Ho er i ein psykose og meiner ho er sendt 17 år tilbake i tid, at ho har kome tilbake for å berge landet frå å bli slik som ho kjenner det. Ho fortel, mest gjennom tekstar som delar av romanen består av, om framtida der ho og andre muslimar blir brutalt diskriminerte. Filmopptaket frå terroråtaket ho no sjølv har vore med på, blir brukte som propaganda mot muslimane, mot dei som ikkje er «ordentleg» svenske. «Alt kunne vært annerledes», er teksten filmen avsluttar med. No ordnar ho det slik at færre mistar livet, og kanskje blir ikkje konsekvensane like ille som dei ho kjenner så godt.
Sommarfugleffekten
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.