Reportasje
Allons à Lafayette
– La oss dra til Lafayette, sa min ven og reisekamerat Øyvind Pharo ein dag.
Nathan and the Zydeco Cha Chas opnar ballet i Lafayette. Rhythm & blues med trekkspel og vaskebrett
Alle foto: Asbjørn Øverås
Covid-19-bølgja hadde byrja å leggje seg, og vi trong nye reisemål etter fleire uvanlege og inspirerande turar til Vest-Afrika og eit skilsetjande opphald i Haiti. I framleis franskspråkleg ånd passa det godt med Festival International de Louisiane, i hjartet av cajunland, dette området som tok imot dei flyktande franskspråklege akadiarane frå Canada. Nokre månader etter stod vi der, i Lafayette.
«Allons à Lafayette» er den første cajunsongen som er spelt inn på plate. Joseph Falcon og Cleoma Breaux var paret som fekk den æra i 1928, og songen blei umåteleg populær. Folk skal ha kjøpt både tre og fire eksemplar, då dei gamle 78-platene fort blei slitne ut av stiften på sveivegrammofonen.
Ein av dei verkeleg store cajunartistane i dag, Zachary Richard, som vi møter på festivalen, kan fortelje at bestemora hadde spart lenge og vel til denne plata.
– Ein dag tok ho den lange turen med hest og kjerre til Lafayette for å kjøpe plata. På heimvegen la ho henne i ein boks for at ho skulle liggje trygt, men vegen var så dårleg at då dei kom fram, var den skjøre plata knust av all ristinga. Ho fortalde om denne traumatiske hendinga om att og om att då ho blei gamal.
Den lange historia til akadiarane i det sørvestre Louisiana tok til ein dag i 1765, då to skip fullasta med flyktningar kom dit. Dei var deporterte av engelskmennene frå det som i dag er Nova Scotia, nordaust i Canada. Etter å ha kjempa i årevis hadde nok mange av dei franskspråklege innbyggjarane gitt opp tanken på å skape seg eit liv der. Dei flykta nedover den amerikanske austkysten, der dei sjeldan blei godt mottatt i dei engelske koloniane.
Zachary Richard fortel at både mors- og farsslekta var med i båtane. Den dag i dag er alle kyrkjegardane i det som blir kalla Acadiana, kjerneområdet til cajunkulturen, fulle av namna til franske familiar, som med tid utvikla seg til store klanar. Sjølv kalla akadiarane denne dramatiske historia Le grand dérangement – det store mistaket.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.