Reportasje

Allheimen i fjellheimen

ATNASJØEN: Vest i Østerdalen får ein sjå Rondane og Dovre. Synet festar seg. Harald Sohlberg og Aasmund Olavsson Vinje har gjeve det eit langt liv i bilete og dikt.

«Jeg har en utpreget følelse av at jeg står på en tung, fast klode og at jeg fra denne ser ut i et uendelig verdensrom», sa Harald Sohlberg om synet av Rondane. I framgrunnen: Atnasjøen buktar seg som ei elv etter breen.
«Jeg har en utpreget følelse av at jeg står på en tung, fast klode og at jeg fra denne ser ut i et uendelig verdensrom», sa Harald Sohlberg om synet av Rondane. I framgrunnen: Atnasjøen buktar seg som ei elv etter breen.
Publisert

Siste stogg i Engerdal er fjellhjorteskav på folksame Femundmat ved kommunehuset og kjøp av dialektkost – geitostar og kaviar av sik frå Femunden – som niste på ferda vidare. Eg kryssar rakt vestover, frå Engerdal gjennom Rendalen til Stor-Elvdal. Tre dalar på tre timar. Øysterdalen, som Aasmund Olavsson Vinje kalla han, er ikkje ein dal, men ein landsdel. Østerdalen er mange dalar. I gamle dagar nytta ein fleirtalsforma Eystridalir.

Svær dal har mange namn

På veg inn i Koppang ser eg Glomma og eit stort skilt: «Kjør forsiktig. Vi har ikke én elg å miste.» Her vert eg del av den triple hovudpulsåra gjennom Østerdalen: Glomma, Rørosbanen, Riksveg 3. Elva, vegen og toget fylgjer kvarandre tett i 25 mil. Kvifor heiter det då Østerdalen og ikkje Glommadalen? Kvifor har ikkje dalen namn etter det lengste vassdraget i Norden?

Østerdalen er større enn Glomma. Nedbørsfeltet i Engerdal når havet ved Göteborg.

Svær dal har mange namn. Han heiter Glomdalen òg. Museet i Elverum – som femnar heile regionen, med tun frå Tynset, ein gong rekna til Trøndelag – heiter ikkje Østerdalsmuseet, men Glomdalsmuseet.

Og slik Østerdalen er større enn Glomma, er Glomma større enn Østerdalen. Der regionen tek slutt i Elverum, renn Glomma vidare mot sør og eit dalføre mellom Østerdalen og Østfold, med stadar som Kongsvinger, Odalen og Flisa. Kva heiter det? Glåmdalen med å, eit lite område sør i Glommadalen med o. Forvirrande? Elva er elles kjend som Glomma i sør og Glåma i nord.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement