Humor
¿ Alle ler av den sinte mannen
Basil Fawlty (John Cleese) og Manuel (Andrew Sachs) i Hotell i særklasse.
Lytt til artikkelen:
Å analysere humor har blitt samanlikna med å dissekere ein frosk: Ingen har særleg glede av resultatet, og frosken døyr. Eg meiner likevel at analyse er viktig, og det gjer òg mange filosofar og andre akademisk skolerte. I første «Den som ler sist»-artikkel nemner eg Sigmund Freud, som såg på latteren som ei reinsing frå forbodne tankar, som forenkla kan kallast letteteorien.
Det finst òg ein inkongruitetsteori, som vi skal behandle seinare, men aller først må vi innom Henri Bergson (1859–1941), som i 1901 gav ut essayet Latteren. Han hadde lite til overs for dei andre forsøka på å etablere teoriar om humor og la i mykje større grad vekt på det humane aspektet: Humoren er først og fremst menneskeleg. Bergson meiner at latter oppstår når menneske viser seg å mangle sosial elastisitet; alle krava og forventningane som samfunnet stiller til menneska, fører til at nokon ikkje klarer å oppfylle dei – og dimed har vi oppskrifta på vellykka humor.
Vi godt vaksne kan sjølvsagt tenkje på salig Leif Juster og sketsjen «Mot normalt». Ein pent kledd, men rasande herremann er frustrert og oppgitt over korleis meteorologane snakkar i radioen, og vips fekk vi ein revyklassikar. Arve Opsahl var også blant dei som eksellerte i roller som «sinna mann».
Komikargruppa Monty Python var høgt utdanna folk frå Oxford og Cambridge, dei kunne sin Bergson og nytta innsiktene hans når dei på sekstitalet og utover skapte den spesielle forma for humor vi framleis ler av i 2020. John Cleese tok Python-humoren fleire steg vidare i Hotell i særklasse, kanskje den morosamaste TV-serien som nokon gong er laga. Hovudpersonen, Basil Fawlty, er sterkt inspirert av ein hotelleigar i Torquay, der Cleese ein gong budde. Cleese fekk så mange idear av å observere den koleriske, nevrotiske hotelleigaren at han reiste tilbake, leigde eit rom og studerte han enda meir inngåande. Resultatet er blant dei aller beste komediane gjennom historia.
Rolv Wesenlunds glansrolle Marve Fleksnes er ei alen av same stykke; Marve ser seg sjølv som tronande på toppen av verda, men går i vatnet så det susar – og publikum ler seg skvatt i hel. Som Hege Schøyen sa ein gong eg intervjua henne: «Det beste er kombinasjonen av høg sjølvtillit og låg gjennomføringsevne.» Fleksnes som nektar å rygge før den andre bilen gjer det – det er Bergson i si reinaste form.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.