Alle kampsongars morLuther-salmen «Vår Gud han er så fast ei borg» danna grunnforma for verdsleg kampsong og dei fleste nasjonalsongane.
Luther-salmen «Vår Gud han er så fast ei borg» danna grunnforma for verdsleg kampsong og dei fleste nasjonalsongane.
Martin Luther skreiv truleg «Ein feste Burg ist unser Gott» i 1527 eller 1528. Salmen blei truleg trykt første gongen i 1529, her i Geistliche lieder, som Luther sjølv stod for i 1533.
Der går ei meir enn tusen år lang språklinje frå Paulus til Luther. Paulus meistra sin retorikk og skreiv brev som var skriftlege å sjå til, men forma for å bli lesne høgt. Bibelforskaren C.E. Evans meiner språket i breva frå Paulus er det som ligg nærmast opp til gresk slik det blei snakka den gongen. Om så er, var Luther reformasjonens Paulus. Heile tida kombinerte han det munnlege og det skriftlege. I verka hans stod munnlege talemåtar side om side med stramme skriftlinjer.
Med reformasjonen skulle liturgien i gudstenesta vere på morsmålet, kyrkjelyden blei trekt inn i liturgien, og salmesongen blei viktigare. Martin Luther dikta sjølv 37 nye salmar.
Det språklege høgdepunktet i forfattarskapen er bibelomsetjingane. Som diktar var han helst middels. Det lysande unntaket er signatursongen «Ein’ feste Burg ist unser Gott».
Utgangspunktet var Salme 46 i Bibelen: «Gud er vår tilflukt og styrke». Truleg blei salmen første gongen trykt i 1529, same året som Luther gav ut katekismen. Om diktaren også komponerte melodien, rår enno uvisse.
Den tyske diktaren Heinrich Heine kalla songen Marseillaisen for protestantar, og Friedrich Engels snakka om Marseillaisen for bondekrigarane i 1520-åra. Det er godt sagt, men snur tida på hovudet: Marseillaisen var Luther-salmen for dei revolusjonære. Salmen frå 1520-åra er alle kampsongars mor.
Luther skreiv salmen i ei tid av pest og naud og forfølging. Ein pest herja frå 1527. Det osmanske riket var eit trugsmål. Mange heldt fast ved gamle trus- og læresetningar. Alt dette er det plass til mellom verselinjene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.