Kultur

Åh, Maldivane!

Eg forstår straks at dette er ein plass der eg skal få store vanskar med å mistrivast.
Eg forstår straks at dette er ein plass der eg skal få store vanskar med å mistrivast.
Publisert

Ein hutrande iskald desemberdag i 2003 forlét eg gamlelandet og la ut på ei eventyrleg reise. Tre flyturar seinare får nokre maldiviske innfødde dette surrealistiske synet: Norsk mann i enorme Ecco-vintersko stavrar i land frå ein dhoni (småbåt), med tjukk svart ullfrakk over armen, i eit klima der temperaturen heile året ligg på 24–33 varmegrader.

Maldivane ligg i Indiahavet og er om lag tolv hundre små og bitte små øyar, med og utan busetjing. Ingen av dei når ei høgd over havet på meir enn åtte fot. Islam overtok for buddhismen på 1200-talet, og eg er blitt grundig gjord merksam på at det ikkje er lov å ta med alkohol til landet. Bungalowen eg bur i, har stråtak og er som klipt ut av eit Donald-blad der han ligg i skuggen av dei høge kokospalmane, men på innsida finst absolutt alt ein kunne trenge, den kolossale senga er pynta med roseblad – og herlegdomen er plassert nokre få meter frå den mjølkekvite sandstranda eg har heilt for meg sjølv. Eg forstår straks at dette er ein plass der eg skal få store vanskar med å mistrivast.

Sa dei alkoholforbod? Ikkje noko problem. Eg har fullpensjon med øl og vin inkludert i måltida, og den vennlege muslimske servitøren er så raus med raudvinen at eg fleire gonger må takke nei. Som muslim kan han skjenke vin, men ikkje selje drinkar i baren, så korleis løyser ein det problemet? Ved å tilsetje hinduar, sjølvsagt. Dei kjem alle frå Kerala og er nokre råtassar på å pushe sprit. Alkohol får den islamske republikken til å gå rundt, og eg kan ikkje tenkje meg anna enn at Allah er nøgd med ordninga. Vi blir jo heile tida fortalde at han er nåderik.

Er ein først i paradis, kan ein like gjerne nyte livet i fulle drag, så eg tinga meg inn for ei heil veke med ayurvedisk massasje. Kvar einaste dag hadde eg time, kvar gong med ein ny type meir eller mindre aparte kroppshandsaming, der noko av det særaste var å liggje ein heil time på ryggen mens ein jamn straum av olje draup ned på eit punkt i panna mi. Eit komisk høgdepunkt var varianten der den lubne nordmannen ligg naken på magen, mens massøren heng i eit tau frå taket, og masserer han med stortåa. Det finst diverre ikkje filmopptak av seansen.

Og maten? Særs, særs bra – bortsett frå éin ting, at den maldiviske matkulturen var vanskeleg å spore. Eg var på ei øy med 100 gjester og 140 tilsette, og alt var innstilt på behova til gjestene. Derfor sat leiinga og finkjemde listene over kven som var til stades, så italienarane fikk sin pasta, sveitsarane sin eplestrudel og amerikanarane sitt storfekjøt.

Ein eigen matstylist var i sving ved kvart måltid og gjorde all maten så visuelt innbydande at eg ikkje trudde det var mogleg. Ved frukosten fekk du i løpet av minutt steikt din eigen personlege omelett, etter å ha peikt ut ingrediensane du hadde lyst på. Lutter glede, men kvar blei det av Maldivane oppi det heile? Etter å ha søkt på nettet veit eg at det maldiviske kjøkkenet er svært variert og spennande, med mykje bruk av fersk lokal fisk, kokos, ris, chili, lime og annan sitrus.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement