Å syngja som det gjaldt livet
Nokre gonger valde han blant dei mange røystene sine, andre gonger hadde han ikkje noko val, men han song alltid vidare, skriv Johnny Borgan. Foto frå «Never ending tour», Azkena Rock Festival 2010.
Foto: Dena Flows
«Nokre kritikarar seier eg ikkje kan syngja», seier Bob Dylan bryskt i talen etter å ha motteke prisen for «MusiCares Person of the Year» i 2015 og lèt oss samstundes skjøna at han har høyrt og hugsar alt saman, frå fyrst til sist, som har vorte sagt om røysta hans. «Kvifor meg, Herre?» spør han til allmenn lått frå salen, kvifor ikkje Tom Waits, Leonard Cohen eller Lou Reed? Kvifor får dei gå skotfri?
Alt frå fyrste albumet kunne den unge Dylan frå enkelte få vita at han høyrdest ut som ein hund med foten i ei revesaks. Sidan den gong er det vel knapt noko i dyreriket røysta hans ikkje har vore samanlikna med.
I talen går han òg inn på evna si til å verka splittande på publikum. Så er det vel kan hende nett vurderinga av Dylan som songar som spreier feltet meir enn noko. Der nokon høyrer skurrande ulyd på debutalbumet til den tjue år gamle Dylan, høyrer andre ei original og truverdig røyst som femnar ein regnboge av dei sjangrane og tradisjonane han frå den gong av syng seg sjølv inn i.
Der nokon med tårer i auga høyrer sjelfylte tolkingar av djupaste slag og med unike fraseringar på album etter album og konsert etter konsert, prellar same songen av i andre øyro. Då handlar det om smak og behag, om det som ikkje kan diskuterast. Ein kan berre gjera tydeleg kva ein sjølv tenkjer.
Sjølv blei eg bergteken nett av Dylans røyst, meir enn noko anna, lenge før eg eigentleg skjøna kva han song om. Røysta var mangfaldig og særmerkt, ho kunne vera så vel hjarteskjerande som arrogant, tøff som kjenslevar, ho kunne vera både mjuk som fløyel og hard som flint – men alltid trudde eg på ho. I røysta var det så vel sand som lim, kjærleik som blod, smerte og tårer, vidd og visdom, det var ein song som det gjaldt livet sjølv.
Så treffer ein jamvel ofte på utsegner som dette: «Men han kan jo ikkje syngja!» Nett som det var eit objektivt faktum. Mitt spørsmål tilbake vart ofte: Kva for ei av dei mange røystene hans siktar du til?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.