Sjakk

Å overleva ragnarok

Magnus Carlsen har funne ei vinnaroppskrift på heimebane i Norway Chess.

Armageddon passar Magnus Carlsen perfekt. Meir enn nokon i sjakkverda elskar han å vinna, og i Norway Chess får vi ein vinnar kvar einaste kveld.
Armageddon passar Magnus Carlsen perfekt. Meir enn nokon i sjakkverda elskar han å vinna, og i Norway Chess får vi ein vinnar kvar einaste kveld.
Publisert

Kan ein overleva ragnarok? Lesarar som kan sin eldre Edda, hugsar kan henda svaret. Eg måtte sjekka: Ja, Liv og mannen hennar, Livtrase (han som kjempar for livet), overlevde. Verdsmeister Magnus Carlsen overlever alltid.

Arrangørane i Stavanger har tenkt lenge og godt. Dei har kome fram til at sjakk skal vera underhaldande kvar einaste dag. I den sjuande utgåva av eliteturneringa kjempar dei aktivt mot «remisdauden», ein daude som den cubanske verdsmeisteren José Raúl Capablanca alt for hundre år sidan spådde ville råka sjakken «innan eit par tiår». Så ille gjekk det ikkje, men ingen gløymer dei 12 remisane mellom Carlsen og Caruana i VM-kampen i fjor. Og det er eit faktum at mange eliteturneringar endar med ein remisprosent på nesten 80.

Armageddon

Så kva er løysinga? Armageddon (bibelsk uttrykk frå gamalgresk), eller ragnarok, som ein seier i norrøn mytologi. Det er no det vert litt komplisert: Ein siger i det ordinære partiet gjev resultatet 2–0, og spelarane får fri resten av kvelden. Ved remis får spelarane 0,5 poeng kvar og ein pause på 15–20 minuttar før armageddon-partiet. I denne siste duellen får kvit 1 poeng ved siger og 0 poeng ved remis, medan svart får 1 poeng ved anten siger eller remis! Det er altså ein føremon å vera svart i det siste slaget mellom gudane, men dette vert kompensert ved at kvit byrjar med 10 minuttar (på 60 trekk), medan svart berre får 7 minuttar. Etter 60 trekk får spelarane 3 sekundar kvar per trekk.

Tykkjer du det høyrest komplisert ut? Tja, det er kan henda ein grunn til at ingen har kome på dette poengsystemet før no. Sjakkspelet er 1500 år gamalt, men vi må til Stavanger i 2019 for å finna den fyrste toppturneringa med nett dette formatet.

Elskar å vinna

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement