1001 ost

Swiss Cheese
Swiss Cheese
Publisert

Eit av dei mest brukte sitata frå den franske presidenten Charles de Gaulle, er: Korleis er det mogleg å styre eit land med 246 forskjellige ostar? Han skulle berre ha visst at det er enda fleire. Innanfor dei åtte «ostefamiliane» i landet er det mange variantar, så mange hevdar at det i dag finst nærmare 1000. Av ein venn fekk eg ein gong boka Franske oster, utgitt på Cappelen Damm i 2006, ei skattkiste som no diverre er utgått frå forlaget, og låner du ho bort, får du ho aldri attende. Derfor hugsar eg ikkje eksakt kor mange ostar boka omtaler, det er sikkert fleire enn 246. Du får også bilete av kvar enkelt ost, smaksskildring, kva slags drikke som passar til, og kvar og korleis dei er produserte.

Dei som har levd ei stund, hugsar sikkert at «ost og kjeks» kom på moten her i landet i syttiåra. Kunnskapen i det norske folket var nok ikkje heilt på høgda. Vi gjekk til innkjøp av Start-kjeks, og produsenten får ha meg unnskyldt, men det smakte papp, med eit kraftig hint av viskelêr. Oppå der la vi ei skive camembert eller brie, steinhard rett frå kjøleskapet. Så toppa vi meisterverket med ei raus skive av den einaste grønsaka du etter mi noverande meining aldri må ete rå, nemleg raud paprika. Eller, for dei ville og galne, druer. Til dette drakk vi alltid billeg ungarsk raudvin, fordi vi trudde det måtte vere raudvin til ost, og sjølvsagt var raudvinen litt for varm, på nordmenns vis. I dag er vi mange som veit at raudvin til ost kan vere himmelstormande feil. Har du eit fat med mange forskjellige ostar, er sjansen større for at andre vinar vil matche betre enn raudvin. Vinmonopolet kan by på fyldig informasjon om dette livsviktige området.

Så er spørsmålet: Kvifor må vi nordmenn kjøpe så mykje av dei utanlandske ostane, når vi lagar heilt fantastiske produkt sjølv? Pecorino lèt seg vanskeleg erstatte, fordi det vert ysta svært lite av sauemjølk her i landet, men det finst gode alternativ til parmesan blant dei norske: Prøv for eksempel St. Pål frå Rueslåtten. Og uansett kor eksklusive og namngjetne ostane frå middelhavslanda er, så slår norsk osteproduksjon dei ned i støvlane både på antibiotikabruk og dyrehelse. I dag finst til dømes 60 små norske ysteri som produserer ost av upasteurisert mjølk, både frå ku og frå geit. Trass i ekstrem motarbeiding frå styresmaktene gjennom tiåra, har vi her i landet fått fram eit enormt utval av prisvinnande og velsmakande ostar i denne spennande kategorien. Dei ostane som vert laga av upasteurisert råvare, er dessutan produserte av den aller ferskaste mjølka. Stadig meir forsking viser òg at desse produkta ofte er sunnare å ete enn dei industrialiserte ostane. Dei som snakkar om risiko ved slike produkt, lever i ei røynd datert cirka 1950. Det finst ingen målbar risiko, ikkje minst fordi produksjonsforholda på små ysteri i dag er perfeksjonerte med omsyn til hygiene og alle andre viktige faktorar. Eg har lova meg sjølv å ikkje kjøpe ein einaste utanlandsk ost resten av året 2020, og det bør også de vurdere. Prøv deg til dømes fram med dei upasteuriserte Kvit Undredal, Eldgamal Kvit Undredal, Lille Aske, Myrull, Kvit Ole, Mugnetind. Sistnemnde kjem frå det kanskje minste ysteriet i landet. Sjekk gjerne ut boka og nettsida Mine osteperler av Jan Peter Aursnes, osteansvarleg i Store norske leksikon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement