¿ Sottesegn
JOSTEDALEN: Ei avbygd kalla Ivar Aasen dalen, som leier rakt inn i breheimen. Eg får vera med viseforskar Liv Kreken heim for å helsa på mor Borghild.
Lytt til artikkelen:
Frå fjorden og Sogndalsfjøra går ferda no inn i landet, mot Jostedalen, der all veg endar. I istida låg Jostedalsbreen, stor som Australia, over heile Norden, før han smelta vekk i eldre steinalder, voks att, og no minkar att. Til vanleg har folketalet auka når breen har skrumpa, og motsett, men no minkar det på både bre og folk.
Det eldste norske kvadet
Ferda byrjar i Sogndalsfjøra. Der ligg to gamle gardar med songtekstsoge, Eggja og Stedje. Der budde bestemødrene til to store visekunstnarar, Jan Eggum og Olav Stedje – sistnemnde hadde me dialektkveld med på Sogndal bibliotek i går kveld. I 1956, då trubadurane var smågutar, kom ein kar med bandopptakar til Eggja og ljodfesta førti religiøse, lokale folketonar av songaren Marta Severine Eggum (1870–1967).
Røtene går djupare. I 1917 pløgde bonden og son hans «så langt ute på høgda på Eggja at ein har utsynet over dalen nedover mot Stedje, Fjøra og fjorden». Der og då fann dei Eggjasteinen, med det eldste kjende norske kvadet, skrive for om lag 1400 år sidan, på 600-talet – samstundes med dei eldste versa i Koranen.
Som fleire av dei er Eggja-kvadet vondt å tyda og tolka. Handlar det om ei gravferd? Om eit havari på havet? Er det ei namnegåte? Versemålet veit ein meir om – metrisk med stavrim, som i Edda. Her er ein freistnad på attdikting av ei strofe frå verdas lengste kjende tekst i eldre runer (keipe, tverrtre):
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.