¿ På marknad i Tondano

NORD-SULAWESI: Når mørkeret fell over palmeidyllen, kjem dei levande fossila fram frå grottene, kvastfinnefisk i djupet og skinnvengje i lufta.

Somme vil ikkje laga lapskaussuppe av skinnvengjene, men heller grilla dei heile.
Somme vil ikkje laga lapskaussuppe av skinnvengjene, men heller grilla dei heile.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Det var for å dykka i havet eg drog heilt nord i Nord-Sulawesi, så når eg no tolv år etter skal skriva noko derfrå, hadde eg aldri trudd at det skulle handla om eit dyr som held til i lufta. Men ei helg fór eg opp i fjella på fastlandet og vitja ein marknad med levande dyr, tamme og ville, hundar og skinnvengjer – også kjende som bikkjer og flaggermus. Marknaden låg i byen Tondano i distriktet Minahasa, kort veg frå staden som har gitt namn til den minahasiske nasjonalretten paniki, skinnvengjelapskaus, ein rett me heile tida såg på matkarta i regionhovudstaden Manado (somme skriv Menado). Fleirtalet er kristne, men her er ein større muslimsk og kinesisk minoritet.

Kring Celebessjøen

Det meste av månaden budde eg på den vesle øya Siladen i Celebessjøen, eit randhav til Stillehavet, i storleik og form som Polen. Namnet kjem av det koloniale namnet på Sulawesi, Celebes.

Sett bort frå i aust, der det er ope hav heilt til Mexico, er Celebessjøen omkrinsa av Filippinane i nord, Borneo i vest og Sulawesi i sør. Dei tre landområda har eg vitja, og i dagsljos finst ikkje venare stader i verda, med grønt landskap, blå himmel, turkis hav og raude og gule korallar. Men i mørkeret syner evolusjonen – og kjøkenet –?ei nattside me kjenner lite til i Noreg.

Celebessjøen er nær 7000 meter djup. Granneøya Manado Tua – «Gamle Manado», ei uthamn med den opphavlege busetjinga, frå før Manado vart Manado, som Merdø før Arendal vart Arendal – er ei vulkanøy og ser slik ut. Ein dag klatra eg til toppen. Andre dagar dykka eg på reva.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement