🎧 Kyrkja i Ntarama
RWANDA: Dei fleste har fått spørsmålet: Kor var du då tvillingtårna i New York styrta saman? Eg låg og sov, full av vonde inntrykk, nett komen heim frå ei reise i Rwanda.
I eit tilbygg av bambustre ligg hovudskallane, mange av dei med hòl etter machetehogg.
Alle foto: Håvard Rem
Lytt til artikkelen:
havard@dagogtid.no
Esther budde i ei hytte rett over vegen, så då eg omsider fann fram til kyrkja, var det ho som kom og låste opp. Frå hovudstaden Kigali er det ein time å køyra til Ntarama.
I dag er Ntarama-kyrkja skjerma mot vêr og vind av eit stort, høgt vernebygg i stål, som domkyrkjeruinane på Hamar, men ein septemberdag i 2001 stod mursteinsbygget der om lag slik det hadde vorte forlate sju år tidlegare, som ein av dei mest grufulle åstadene for massakrane i Rwanda våren 1994.
Den ytre ramma om folkemordminna er grøne landskap som fløymer over av livskraft og vegetasjon. Då eg kom heim, freista eg å skriva om det eg hadde sett og høyrt, men det tok fleire år, og det vart ei blanding av eit dikt og ei bøn som byrjar slik:
Du som kviler under byen
Du skyt som senete plantar opp
og forbi kloakkrøyr, straumkablar
Du bryt gjennom flisene i kafégolvet,
joggeskosolane til han som sit lent
over bordet, strømpefoten til henne
som sit lent over det same bordet
Rwanda er mindre enn Belgia i flatemål, og for tjue år sidan hadde landet berre litt fleire innbyggjarar enn i Noreg. Nær ein million menneske vart myrda på nokre månader. Varsel og bøner om hjelp vart sende til verdssamfunnet medan det brygga opp til folkemord.
Om lag 5000 menneske vart myrda i og kring Ntarama-kyrkja. I eit hjørne av bygningen såg eg ein haug med knoklar og kranium, og i midtgangen restar av klede og personlege eigedelar. I eit tilbygg av bambustre låg hovudskallar, mange av dei med hòl etter machetehogg. I inngangspartiet hang det framleis ein plakat om ei kvinnepolitisk markering som kyrkja tok del i. 8. mars-arrangementet fann stad ein månad før helvetet var laust.
Esther var no kring førti år. Ho var slank og hadde på seg ein tradisjonell kjole i raudt, grønt og gult. Borna, mannen og dei næraste slektningane var borte, i lag med tenåringsjenta og småbarnsmora.
Du som kviler under vegane
Du stig som grøne lianar i leggane
Fyller låra, slyngjer deg opp ryggsøyla
Skyt ut i brysta lent over kafébordet
Bryt ut som ein blome på leppene
Skin som etter eit regnskòl i auga
Det ho fortalde, fylte hovudet då eg drog attende til hovudstaden. Eg skulle møta ein norsk bistandsarbeidar som var med å utvikle ei ny lovgjeving i landet. Mellom anna førte dei inn tidlegare unytta omgrep i rwandisk jurisdiksjon, til dømes valdtekt. Me drog til det som den gongen var møtestaden for utlendingar i Kigali, nattklubben Maxim på Muammar al-Gaddafi-finansierte Hotel Umabano. Eg likte meg betre på dei lokale, døgnopne skjenkestovene i sidegatene, med bananøl og kongolesisk rock.
Maxim heldt ope til fem på morgonen, og frå eittida var det gjerne mykje folk. Det internasjonale miljøet og dei vestlege drinkane og prisane stod i kontrast til gatebiletet i hovudstaden, der overlevande hinka kring, utan ein arm eller fot, stundom passerte av ein lastebil med planet fylt av rosakledde fangar på veg til straffearbeid.
Me stod og hang med kvar vår whisky attmed den lange bardisken då eg meinte å dra kjensel på eit andlet i motsett ende.
– Er ikkje det Kofi Annan, sa eg lågt. Han var då generalsekretæren i FN. Sidemannen smilte det vekk:
– Det er nok ein annan.
Du som kviler under huda
Vegetasjonen skyt som senete plantar
opp i føtene snøggare enn det raude støvet
vert virvla opp på vegane
Senete plantar står høgt i låra
Ryggplata hans vert styrt mot mørkeret
i hytta, musklane hennar vinn
over tyngdekrafta under
det raude, grøne og gule kjoletøyet
spreidd ut på jordgolvet
som ein duk til eit måltid
Kring eigedomen til Ntarama-kyrkja er det i dag reist eit høgt gjerde, og nedst ved vegen er det bygd ei solid vaktbu i mur, men då eg var der, låg alt som det hadde vore, utan faste opningstider og daglege vitjingar. Men Esther må ha halde auge med kyrkja, for då eg parkerte, kom ho.
Ho vart fødd i åra kring sjølvstendet i 1962, på den tida hutu-majoriteten i landet gjorde opprør mot tutsi-minoriteten som hadde hatt leiande posisjonar i den belgiske kolonien. Mange tutsiar vart myrda. Mange flykta til naboland, der somme av dei førebudde seg på å taka makta i landet attende.
Atter andre vart tvangsflytta innanlands. Esther høyrde til ein familie som vart deportert hit, til distriktet Bugesera, sør for Kigali, mot grensa til Burundi, eit område prega av sumpland og sjukdomar, der få menneske budde.
Du som kviler under draumane
Du flettar deg som senete plantar,
til tjukke strengar som svingar i bukhola
med tonar så djupe at krampen losnar
i spedbarnet som sovnar på brystet
Barn mot far, mage mot mage
Esther var gjennom oppveksten vand med diskriminering. Vidaregåande utdanning var stengd. Stundom gjekk dei lokale til åtak på dei tvangsflytta tutsiane i Bugesera. Då gjaldt det å søkja tilflukt i næraste kyrkje, der dei var trygge.
Tidleg i april 1994 vart hus og hytter sette fyr på i Ntarama, og mange drog til kyrkja. Dei neste dagane kom endå fleire. Militsen sa at dei berre kunne garantera for tryggleiken til dei som var i kyrkja, og dessutan ville dei samla dei lokale tutsiane til ei folketeljing. I midten av april var 5000 tutsiar samla på eigedomen. Esther var der med dei to småborna sine. Eg veit ikkje om ho var gift, skild eller enke då det hende. Ho og borna hadde kome tidleg, og var inne i sjølve kyrkja.
Du som kviler under medvitet
Mellom lår og aksler
flettar du deg som lianar
til strengar som fyller strupen
med tonar så mørke
at hovudkvelven blånar brått
som i skumringa
To dagar etter at folketeljinga vart kunngjord, kom militsen attende. Denne gongen var ikkje kyrkja eit vern. Soldatane gjekk systematisk til åtak på menneska utanfor bygningen. Dei nytta maskingevær og handgranatar. Tusenvis vart myrda. Då militsen seinare på dagen hadde rydda seg veg inn i sjølve kyrkja, nytta dei machetar òg.
I det overfylte kyrkjerommet kom Esther og borna frå kvarandre. Ho låg på golvet, utan å kunne sjå ungane. Ho klarte å kravla seg fram til ei dør, inn i eit rom ved sida av, og derfrå flykta ho inn i skogen, til ho ikkje orka meir, og gøymde seg i lang tid.
Du som kviler under angsten
Armane lyftar seg som senete plantar
og knuser kraniet med kolben
med macheten, med skiftnykelen
til traktoren som fuglane under himmelen
bygde reir i
Dagen etter at me hadde vore på Maxim, drog eg til Hôtel des Milles Collines på Avenue de la Republique, eit hotell som ikkje berre hadde symjebasseng, men internettkafé òg, ein av dei få i Kigali på den tida. Eg las e-post då eg såg to digre, svarte Mercedesar med sota vindauge stogga framføre hotellinngangen. Ein yngre, storvaksen kar heldt bildøra open for ein eldre, mindre kar, ghanesaren Kofi Annan, då generalsekretær i FN, sju år tidlegare ansvarleg for dei fredstryggjande styrkane.
Annan kom rakt frå Oslo, der han hadde vore på ei offisiell vitjing sist i august. Kva få visste, var at han alt i desember skulle attende til Oslo. Men kva gjorde han her i Kigali no? undra eg. Vitja han Rwanda for å syna landet vørdnad og be om orsaking, før han veker seinare vart heidra med den fremste fredsprisen i verda?
Du som kviler under redsla
Du dirrar i dei som gøymer seg i kyrkja
Dirrar i akslene som slynger
ein handgranat mot alteret
Få dagar seinare, måndag 10. september, forlét eg Rwanda med eit morgonfly til Nairobi, der eg skulle ta eit nattfly vidare til Amsterdam. Mykje av ferda hadde me Victoriasjøen under oss, men det eg hugsar best, er måndagsutgåva av Rwanda Times som eg plukka med meg på veg inn i kabinen. Det meste av framsida var vigd vitjinga til Kofi Annan.
I Rwanda var mange rasande. Dei spurde seg: Korleis våga han å vitja landet deira, han som svikta dei då det gjaldt? Våren 1994 sat Kofi Annan i FN-hovudkvarteret i New York med ansvar for dei fredstryggjande styrkane. Frå Kigali vart det sendt urovekkjande faksar som varsla om katastrofen og bad om hjelp, men dei vart lagde til sides.
Du som kviler under marka
Stablane av hovudskallar i våpenhuset
Knoklar og klede i midtgangen
Dongerirestar. Salmebøker
8. mars-plakaten ved utgangen
Fem tusen metta av splintar og skotsalvar
Måndag kveld flaug eg vidare frå Nairobi til Amsterdam. Flyet landa kl. 06.10 på Schiphol, med lange køar i Schengen-slusa og lite tid til å rekka flyet til Oslo. Men som EØS-borgar gjekk eg i den kortaste køen og rakk det. Eg låste meg inn heime om lag då resten av Noreg åt lunsj, og sovna.
Etter tre-fire timar vart eg vekt av bror min, som ringde og bad meg skru på fjernsynet. Dei neste minutta og dagane vart inntrykka frå Rwanda gøymde under nyhende om åtaket på Verdas handelssenter i New York. Dei to skyskraparane i senteret rasa saman høvesvis klokka tre og fire om ettermiddagen norsk tid.
Du som kviler under skrika
Du som dei ropte på, du sokk
med dei frå taket som armane
strekte seg mot i lovsong
sundagen før, du sokk med dei
Armane som la seg om borna
Kne som svikta, du sokk med dei, du
som steig i dei som grøne lianar,
som senete plantar, du sokk
attende som røter i jorda, du som blømde
som roser i kroppsopningane,
du rann ut av kulehòla
Ikkje at det var ein plan, men då eg vakna heime etter reisa frå Rwanda, hadde det vore naturleg å byrja å handsama inntrykka derfrå. I staden vakna eg til eit terroråtak som vende verda på hovudet og tok mykje merksemd i lang tid, etter kvart med invasjon i Afghanistan og Irak.
Terroren tok òg mykje av merksemda frå Kofi Annan då han tidleg i desember kom til Oslo for å taka imot Nobels fredspris og verta hylla frå balkongen på Grand Hotel i Karl Johans gate.
Du som dei ropte på, du
som er gjeve eit namn, namnet
har låst seg i leppene hennar
som kraup over barneflokken
Gjennom sakristiet, ut i jungelen, du
kjem ikkje fram i auga hennar
når ho ser gjennom oss medan
ho opnar kyrkjedøra og stanken
bylgjar som peisrøyk i opninga
under den høge sola
Fem tusen draumar står som kvister
i den magre kroppen under
det grøne raude og gule kjoletøyet
Eit høve til å fordjupa meg i einskilde hendingar i folkemordet i Rwanda, fekk eg vel fyrst fire år etter heimkomsten. Då var eg i Arusha i Tanzania, om lag hundre mil frå Kigali, og fylgde i nokre dagar rettsforhandlingane i Rwanda-tribunalet, den internasjonale domstolen for brotsverka i landet.
Det var etter det at eg skreiv teksten om møtet med Esther i kyrkja i Ntarama.
Du som er gjeve eit namn
Du som er gjeve så mange namn
Namna dine er låste i leppene hennar
Du kjem ikkje fram i auga hennar
Sola brenn over hytta
Ho opnar døra til mørkeret når me kjem
Ho står i den raude støvskya frå vegen
og ser på dei klamme myntane i handa
Ho blar i boka me bøygde oss over
med sveitte fingrar og ein kulepenn:
Det her kunne ha hendt kvar som helst
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den ytre ramma om folkemordminna er grøne landskap som fløymer over av livskraft og vegetasjon.
Militsen sa at dei berre kunne garantera for tryggleiken til dei som var i kyrkja.
Fleire artiklar
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Språkfag i spel
Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.