JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

🎧 I koronatida

Kva modellar har vi for å tolke det som skjer no? Svartedauden og spanskesjuka er to av dei mest kjende pandemiane i historia.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Svartedauden kommer til gårds» er tittelen på teikninga til Theodor Kittelsen (1857–1914).

Foto: NTB scanpix

7834
20200320
7834
20200320

Lytt til artikkelen:

For ei tid tilbake fann eg ei rotte i bakgarden der eg bur. Rotta froda ikkje om munnen, men ho skalv og var i ferd med å døy. Naboen, som var tøffare enn eg, fann fram ei vedskie, slo rotta i hel og kasta henne i søpla. Hadde eg vore ein som tolka teikn, hadde eg skjønt det då. Pesten som skulle kome.

For om lag ti år sidan, under ei herleg sommarveke på Tromøya, las vi den norske barneklassikaren Det kom et skip til Bjørgvin i 1349. Spørsmålet var opplagt: «Kan dette hende no, mamma?» «Nei da, sjølvsagt ikkje.» For det kunne det vel ikkje?

Då vi no i jula spelte Pandemic, brettspelet der ein skal berge verda frå ein katastrofe, medan farenivået stig mot full pandemi på nivå 5, var svaret framleis det same. «Nei, sjølvsagt ikkje.» Vi har i grunnen alltid vunne over pandemien i dette brettspelet. Det var ingen grunn til å tru at røyndomen var annleis.

Men med reportasjane frå Italia fyrste veka i mars byrja angsten å breie seg for alvor. Éin ting var Kina, men kunne det skje i Italia, kunne det òg skje her. Overbelasta sjukehus, brutale prioriteringar, besteforeldre som døyr utan avskil eller gravferd. Sjølv tok eg ungdomane mine ut av skulen to dagar før Erna gav ordre om det same. Det var kjensla av å sende dei med fulle bussar i rushtida, til sikre virusfeller på stappfulle skular med små klasserom, som gjorde utslaget – medan styresmaktene tilsynelatande famla i blinde.

Vi stengde oss inne. Eg tok ikkje buss, men gjekk til ein av skulane for å hente bøker. Medan eg fikla med låsen på bokskåpet, høyrde eg dei ubekymra klassekameratane snakke om kor herleg det hadde vore å få korona og vere heime i karantene.

Eg fekk ikkje opp låsen og øydela til sist skåpet for å få ut bøkene. No sit vi her. Dømde til å halde ut med kvarandre og gå på veggen i fleire veker utan særleg kontakt med omverda. Eg har lagt Pandemic langt bak i skåpet. Vi er to vaksne og tre ungdomar som driv arbeid og skule frå heimen. Førebels har ingen feber eller hoste. Besteforeldra har vi ikkje sett sidan byrjinga av mars.

Pandemiar i historia

Svartedauden frå 1347 til 1351 og spanskesjuka i 1918–1919 er to av dei mest ekstreme pandemiane i vår eiga historie, og opplagde modellar for å skjøne kva som skjer no. Sjølv har eg for fyrste gong tenkt at dette må vere litt som å leve i mellomalderen. Med frykt for å verte smitta kvar eg enn går. På butikken vegrar eg meg for å handle eple frå Italia eller salat frå Spania. Grenser vert stengde, og vener og naboar sit i karantene. Eg les om sjukehus som vert rana for munnbind og desinfeksjonsmiddel. Alle sit vi inne, med slåa for døra. Samstundes veit eg at dette ikkje er som svartedauden. Pesten kom ikkje av eit virus, men bakterien Yersinia pestis, som framleis smittar via rotter nord for Kaspihavet. Den tida pesten råka, fanst det knapt folk i dagens risikogrupper, likevel døydde mellom 30 og 60 prosent av befolkninga i Europa.

Tiltaka mot dagens virus er mange av dei same som dei som blei sette inn i Italia for over 650 år sidan. Då var Venezia føregangsbyen for karantene. I mars 1348 bestemte den norditalienske bystaten at alle skip som kom frå byar der det var pest, skulle liggje i hamn i 30 dagar. Perioden vart snart utvida til 40 dagar, quarantino, karantene. Ordet for den kristne fastetida, quaresima, som vi er inne i nett no, kjem frå same talet. Jesus var 40 dagar i ørkenen, slik Moses var 40 år på veg mot det lova landet.

I dag er det to ulike hovudparti i debatten om korleis vi skal nedkjempe fienden. Anten går vi for mellomaldermetodar, som karantene, portforbod og grensestenging, eller så satsar vi på moderne vitskap, med sporing av smitteberarar, varmekamera for å avdekkje feber, algoritmar for optimal smittekurve og nye nivå for overvaking av befolkninga. Kva som verkar best for menneska, veit vi ikkje. Kva som verkar best for økonomien, er det mindre tvil om. Men førebels ser det ut til at å berge menneske, koste kva det koste vil, er hovudmålet.

Éin ting er korleis vi møter fienden. Ein annen ting er korleis vi tolkar han, og på kva premiss. Overskriftene verda over tyder på apokalyptiske tilstandar. Og er ein religiøst mottakeleg, treng ein ikkje gå langt inn på nettet for å finne profetiar om endetid og dommedag. I endetida skal plagene kome. I Openberringa vert dei skildra som ryttarar som kjem med krig, inflasjon og pest. Den fjerde ryttaren kjem på ein gulbleik hest. «Han som sat på hesten, bar namnet Døden, og dødsriket følgde med han. Dei fekk makt over fjerdedelen av jorda, så dei kunne drepa med sverd, hungersnaud og pest og ved villdyra på jorda.» Gjennom heile historia har Openberringa gitt tolking til det som skjer. Det er ikkje fyrste gongen vi lever i endetida.

Religiøst perspektiv

Samstundes er det ikkje naudsynt å verte «apokalyptikar». Det klassiske religiøse perspektivet er at all ulukke kjem på grunn av synda som ein gong kom inn i verda. Det er ikkje ein individuell straffedom, men eit ålment kall til omvending. Under svartedauden vart flagellantar, sjølvpiskarar, eit fenomen. Og bots- og bededagar var til dømes tiltaket frå danskekongen når pesten råka.

I dag er bota mildt sagt tona ned, men bøna held fram. Trump vende seg til Gud førre søndag og erklærte nasjonal bønedag. «Som ein nasjon under Gud er vi større enn lidingane som råkar oss, og gjennom bøn og gjerningar gjorde i medkjensle og kjærleik skal vi vekse med denne utfordringa og slik verte sterkare og meir sameinte enn nokon gong før.» Same dag vitja pave Frans fyrst Romas særskilde Maria-ikon, Maria Salus Populi Romani, i kyrkja Maria Maggiore, og etterpå krusifikset i kyrkja San Marcello ved Via del Corso.

Bønevandringa var langt frå tilfeldig. Bøn, både framfor ikonet og framfor krusifikset, har stoppa pest før. Alt i 539 bar pave Gregor den store ikonet gjennom Romas gater for å stoppe ein epidemi. Og krusifikset, som er frå 1400-talet, har ei lang soge med mirakel og har også vorte bore gjennom gatene for å stoppe pest. No bad paven om ein ende på pandemien både i Italia og i verda. For fyrste gong er alle kyrkjene stengde for messe. Det er alvor.

Pest i litteraturen

Endetid og religiøse forklaringar er førebels ikkje det som ligg fremst i pannebrasken på sekulære nordeuropearar. Her tyr ein til andre modellar. I førre nummer av Dag og Tid kunne vi sjå Bernt Høie spele sjakk med døden – lik den heimkomne riddaren Antonius Block i Bergmans Det sjunde inseglet. Det underliggjande spørsmålet vert kor lenge han klarer å yte motstand. Var det eit teikn at Max von Sydow døydde nett no?

For dei som drog på hytta førre helg, var Dekameronen av Giovanni Boccaccio, skriven etter svartedaudens herjingar i Firenze i 1348, eit anna opplagt val. Boccaccio skildrar farsotta som fer fram i byen. Ho hadde byrja i Austerlanda nokre år tidlegare og var no komen til Italia. Dei rike rømmer byen og dreg til landstadene sine. Der finst ingen Bernt Høie som beordrar dei heim att. I staden sit dei på hytta og lagar erotiske forteljingar for å få tida til å gå.

Sjølv henta eg raskt fram romanen Pesten av Albert Camus. Boka handlar om dr. Bernard Rieux’ kamp mot pestepidemi, og ho opnar med eit sitat av Daniel Defoe, mannen som skreiv Robinson Crusoe: «Man kan like godt gi et bilde av en slags innesperring ved å skildre en annen slags.» Dei siste vekene har Camus klatra opp til topp 3 på bestseljarlister i heile verda. Det fyrste teiknet Bernard Rieux finn, er ei daud rotte.

Eivor Andersen Oftestad er forfattar, forskar ved MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Er ein religiøst mottakeleg, treng ein ikkje gå langt inn på nettet for å finne profetiar om endetid og domedag.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.

Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater

TeaterMeldingar
DAG OG TID

Festleg framsyning av musikalen Matilda

Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.

Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Grått og keisamt

Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

HumorFeature

Matprat og alder

Sei meg korleis du uttalar namn på matvarer, og eg skal seia kor gamal du er.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis