¿ Eit falma badehandklede
JAMAICA: Staden for pollenallergikarar på blå resept når våren vert grøn.
Bob Marley-museet i Kingston.
Alle foto: Håvard Rem
Lytt til artikkelen:
Den plutselege varmen fekk meg til å rydda i skåpet med sumarklede. Der låg eit falma badehandklede i dei jamaikanske fargane raudt, gult og grønt, med ei verseline av Bob Marley i store bokstavar, kjøpt ein gong i Negril på Jamaica.
Eg får nok ikkje nytta det på nokre veker enno. Framleis er me i april, men denne veka har me i sakte film sett at bjørka spring – engelsk for vår. Då eg var gut og det berre var tjuefem år sidan den fyrste krigsvåren og kongebjørka, høyrde eg dei vaksne seia mellom seg: – Vert ho grøn til syttande mai? Grøn bjørk, helst til grunnlovsdagen, har vore som ei nasjonal velsigning. Men ei forbanning for pollenallergikarane.
Eit år våren kom uventa brått, medverka eg i ei albuminnspeling der songaren var pollenallergikar. Vokalopptak med rennande nase går ikkje, så gode råd var dyre. Søraust-Asia var nemnt, men der var det regntid. Andre skrytte av vårlufta i Karibia. Det hasta. Mañana. Men kvar? Cuba? Bahamas? Av to grunnar som heng saman, røysta eg for Jamaica, ei karibisk øy med same flatemål som Rogaland. Der kunne eg få vita meir om den framifrå songskatten til Bob Marley og den særeigne jødiskkristne trusretninga rastafarianisme.
Me tinga tid i Blue Mountain Studio i hovudstaden Kingston aust på øya, og ein aprildag, medan blomestøvet spreidde seg heime, landa me på Norman Manley internasjonale lufthamn, kalla opp etter partistiftaren, statsministeren og far til den jamaikanske grunnlova. På veg til studio var det ikkje pollen, men reggaerytmar som fylte lufta.
There’s a natural mystic
blowing through the air
If you listen carefully now you will hear
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.