¿ Einsemd på jærsk
BRYNE: Ein kar frå Klepp har attdikta Inger Hagerup til jærsk etter at han i Kaizers Orchestra drog Europa rundt med dialekten.
Jæren. Frå venstre: lyrikar Inger Hagerup, visesongar Finn Kalvik, målforskar og lyrikar Ivar Aasen, Terje Winterstø Røthing i Skambankt og Ivar Nikolaisen i Kvelertak.
Lytt til artikkelen:
Åggna, seier ei austlandsk høgtalarrøyst på Jærbanen frå Egersund til Stavanger. Innfødd uttale er ikkje Kvalbein, men Kvælbæi, ikkje Undheim, men Onnhæi, og ikkje Åggna eller Oggna, men Ooogna, med O-en like lang som støyten frå ein togtyfon.
Undheim, Bryne, Braut og Klepp er stader og stasjonar på veg til utestaden Frøken Pil i Stavanger og scenesamtale med vokalist og songskrivar Terje Winterstø Røthing, kjend frå Kaizers Orchestra. Han leiar orkesteret Skambankt, som i kveld skal opna konserten sin med «Skumring». Melodi: Finn Kalvik. Tekst: Inger Hagerup.
Dialekt var løye
Dialektferda er møte med songpoetar, og no held ho fram der ho stogga i fjor haust, på Jæren, der eg likar meg mellom folk som står roleg og støtt på den store, flate morenen som istida lét etter seg, som sjølve dørstokken til Noreg, der tankar kjem fyrst inn og dreg lengst ut.
Dei fyrste famlande freistnadene på å skriva norsk i dansketida, alt på 1600-talet, gjorde dei her på sørvestlandskysten, ikkje i Vestland. Men den moderne dialektbylgja kom seint hit. Ho kom på hedemarksmål, trøndsk og nordnorsk før ho nådde Rogaland kring 1980 – med Stavangerensemblet og Mods, og songpoetar som Gunnar Roaldkvam og Arnt Birkedal. Kvifor så seint? Her var dialekt mest løye, med revyartistar frå 1930-talet som Laurits Torssen og Andreas «Ajax» Jakobsen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.