JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

🎧 Det var ein gong ein skrivar

GARDBERG: Her hadde eg stogga same kva, på grunn av
utsynet til fjellheimen, men eg kom hit for å sjå runesteinen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Einangsteinen frå 300-talet på Gardberg i Vestre Slidre med utsyn mot fjellheimen. Men så attgrodd har det vel ikkje vore sidan hundreåret etter svartedauden.

Alle foto: Håvard Rem

10789
20201002

Valdres

Del 4 – Einang­steinen

Håvard Rem skriv frå regionen Valdres i fortid og notid.

Flatemål: 5406 km2
Folketal: 17.579
Kommunar: Etnedal, Sør-Aurdal, Nord-­
Aurdal, Vestre Slidre, Øystre Slidre, Vang
Fylke: Innlandet

11. september:
Del 1 – hyttefolket

18. september:
Del 2 – fjordane

25. september:

Del 3 – tilflyttarane

Lytt til artikkelen:

Regionar i Noreg

havard@dagogtid.no

Det var ein gong for lenge sidan ein skrivar som klauv dei bratte bakkane mot Gardberg, øvst i fjellet på austsida av Slidrefjorden. Kven var skrivaren? Truleg ein kar, for han lét etter seg eit namn som vert lese som eit mannsnamn.

Om han var valdris eller ikkje, er uvisst, men den uvanlege skrivekunna hadde han nok med seg langvegsfrå. Han kan ha vore ein som vende heim etter år ute, men ikkje etter altfor mange år, han var nok ikkje gamal, han tok seg fram 800 meter over havet.

Fjellvegen

Truleg var det om sumaren han kom. Vinterstid fór ein på islagde fjordar i dalbotnen, der det var tungt å fara elles i året, før bruene, med vadestader, myr og elvestryk, fleire då enn før oppdemmingane i nyare tid. Stig gjekk mellom gardar, og dei låg høgare i eldgamal tid. «Før det vart hjulvegar», fortel Valdres bygdebok IV (1954), «kløvja dei varone etter ride- og gangvegar, som mest gjekk etter åsdragi, for der var det mindre skog, urd og myr som gjorde samferdsla trevaleg.»

Om ein dreiv støling så tidleg, var stølane endå ein grunn. Gardsfolk fylgde feet på nærast nomadisk vis, frå garden til heimstølen, frå midtstølen til fjernstølen, og den øvste, fjellstølen, som med kvart vart husmannsplass.

Utbetra kongevegar kom frå 1600-talet. Fyrst med brubygging og dynamitt på 1800-talet vart viktige vegar flytta frå fjell og åskam ned i dalbotnen, der dei går i dag.

Valdres-namnet

Dei gamle fjellvegane, somme heilt frå eldre bronsealder, kan ha forma namnet på dalen. Det vantar dal-endinga til grannedalføra i aust og vest, Gudbrandsdalen og Hallingdal, kan henda av di Valdres er fleire dalføre.

I Norsk allkunnebok (1964) heiter det at namnet er sett saman av norrøne völlr (voll) og dres. Ein voll er eit fjellbeite. I Ivar Aasens Norsk Ordbog (1873): «Stølsvoll: Græsplen omkring en Malkeplads [mjølkestad]». Hytta høgt i utmarka har mange namn: seter, støl, støyl, sel – og voll. Det er døme på at heile setra, med hytte og beite, vert kalla vollen.

Og dres? Ein stig, ein smal rideveg for hest, ei nemning avleidd av hestesynonymet drasill, som hesten til Odin, Yggdrasill. Ein kløvveg er i Norsk ordbok (1939­­–2016) «ein ferdsleveg (til støls) som er farande (berre) med kløv, [...] ikkje med vogn eller kjerre, slik at ting må fraktast til hest».

Valdres kan tyda: fjellbeitekløvveg, stølsstig, stølsveg. Det rimar framleis, sjølv om kløvstig har vorte hjulveg: Valdres er stølsdalen, i dag hyttedalen òg. Valdres er fjellvegen til hytta – for tusenvis kvar helg.

Synet av fjellheimen

Om skrivaren kom sørfrå, såg han nok magien i å fara opp til Valdres. Kva ventar i syningom bak neste sving ­– ikkje vegsving, men dalsving? Eit like lokkande syn som land for sjøfolk, som hav for ørkenvandrarar, venta dei som drog innover i Noreg: fjellheimen. Ikkje klatringa i han, som kom seinare, men synet av han er som å kvila blikket på havhorisonten. Som det heiter om Oskeladden: «Austanfor sol og vestanfor måne lyste Soria Moria slott i skinande gullglans.»

Synet av fjellheimen er ein del av prologen i åttebandsverket Sagaen om Ulfsætta (1965­–80) av forfattaren og bonden Knut Hauge (1911­–99) frå Vestre Slidre. I opninga av fyrste bandet, Kross og kvitsymre, i kapittelet «Møte på Tonsåsen», den høgastliggjande stasjonen på Valdresbanen, på fjellet mellom Randsfjorden og Aurdalsfjorden, «på høgste Tonsåstoppen, der lendet fell og synet opna seg», der hender det: «ei storvaksi kvinne sat fortapt i salen og såg innover mot den breide dalen som her opna seg mot storfjella».

På same breiddegrad på vestsida ligg Reinli stavkyrkje og Liagrendvegen, og det er der, fortel fotvandringsboka Pilegrim i Valdres (2006), «du får det første glimt av Jotunheimen i det fjerne».

Dei snødekte tindane syner seg og forsvinn, syner seg og forsvinn, ikkje av di dei er ei Soria Moria-hildring, men av di dalen buktar seg og svingar som ein slange.

Slangedalen

Det største isskjoldet under siste istid, stort som Australia, voks ut av Jostedalsbreen og Breheimen, med Jotunheimen i sør. Herfrå voks brearmen som – i lag med Begna i mildare tider ­– skapte Valdres. Ei elv av is eller vatn fylgde sporet frå brear i eldre istider, fyrst rakt austover, attmed Vangsmjøse i nord.

Men øvst i Slidrefjorden, der Lomen stavkyrkje ligg, svinga han krapt sørover. Kurva står att som ei stupbratt dosering i fjellet, ein velodrom. Var bergartane særs harde? Verka topografi og tyngdelov no mest i sørleg retning? At parallelldalen nokre kilometer i aust, kjend for Beitostølen, gjer same sving på same breiddegrad, kan tyda på det siste.

Etter kurva går breen, elva og dalen rakt sør-søraust, som ei pil peikande mot botnen av Viken, der Oslo ligg, men etter to rake fjordmil gjennom Vestre Slidre, svingar breen brått mot aust att, før Fagernes, men berre nokre få kilometer, før han svingar sør-søraust att, mot hovudstaden, og held fram i den leia til han tømmer seg i Sperillen og Tyrifjorden.

Slik er retninga til breane, dalane og elvane her aust for vasskiljet: aust sør-søraust og aust sør-søraust, med kvart mest sør. Endringa kjem i Valdres. Nord for Valdres, nær Breheimen, går fjordane mot aust, sør for Valdres rakt sør.

Slidrefjorden

Me stoggar i dalkurva nord i Slidrefjorden. Sentrum nede ved fjorden er som andre bygdesentrum i Valdres, utan folk og kafear, men stundom med ei campingvogn som sel thaimat, utan bank og postkontor, og oftare og oftare utan butikk. Alt som er att, er oppbevaringsstadene for born og gamle, grunnskule og sjukeheim. Dei eldre går med ei frykt for at butikken vert stengd her òg.

Frå Slidrefjorden går vegen i sikksakk opp til 800 moh. Om ikkje Einangsteinen hadde stått her på Gardberg, fjellgarden, hadde eg stogga likevel, ikkje for å kvila no som me er på toppen, men for å sjå fjellheimen. Nett her er me komne så langt nord i kurva at fjella på vestsida ikkje står i vegen for synet av snøglitrande Soria Moria. Men tre står i vegen ­– her har vel ikkje vore så attgrodd sidan hundreåra etter svartedauden.

Me er i området kring Slidrefjorden, smørauget i Valdres. Ved sida av å vera kjend som stølsdalen er Valdres kjend som stavkyrkjedalen. Regionen har tre promille av folkesetnaden i landet, men nær ein fjerdedel av stavkyrkjene.

Men attmed nokre få kilometer her kring Slidrefjorden kjem fortida til syne i stein. Det er tre steinkyrkjer i Valdres, alle frå kring 1200, og alle ligg her. På ei halvøy mellom to av dei, Mo-ruinen og Slidredomen, ligg ei stor bygdeborg frå kring år 500 og folkevandringstida. I nord er murane drygt 100 meter lange, i sør går fjellet rakt og uinntakeleg i fjorden.

Borga på vestsida ligg under stupbratte, 1000 meter høge Olberg, av somme lese som Eldfjellet, kjent for vardebrenning til 1400-talet.

Og øvst på fjellet på hi sida står ein runestein frå 300-talet.

Gardberg

Eldre jarnalder-kjennaren Wencke Slomann (1918­–90), den fyrste kvinnelege arkeologen i Noreg som vart fast tilsett i ei konservatorstilling, arbeidde mykje med Einangsteinen og Gardberg, både i felt, forsking og formidling. Steinen omtala ho som «Nordens eldste runestein, og den er den eneste med en urnordisk innskrift som står [...] på sin opprinnelige plass».

Steinen står ikkje åleine. Han er reist øvst på ei gravrøys, diverre med innhaldet røva, men meir enn tusen røyser ligg innanfor to kvadratkilometer, eit eineståande stort og godt bevart gravfelt, nytta mellom år 300 og 900.

I ei branngrav nær runerøysa fann ein frå same tid, 300-talet, eit tviegga romersk sverd. På ei side av det 70 cm lange sverdbladet er det stempla Ranvici, som eit varemerke: sverdet til Ranvicus.

Korleis kom det til Slidre? Var det krigsbytte eller lang og tru teneste? Og Ranvik, tok han som andre namn etter staden han kom frå? Berre 200 år seinare skreiv historikaren Jordanes om Ranrike (Bohuslän), ein del av Viken (Skagerrak).

Gudgjest

Og skrivaren vår, kva skreiv han på steinen frå same tid og stad? «Eg, Gudgjest, rita runene.»

Kven kallar seg Gudgjest, det truleg eldste norske personnamnet me kjenner til? Ein som vitjar gudane? Kvar dreg du for å vitja dei? Kvar er heimen deira? Nord for Gardberg ligg heim bak heim ­– Jotunheimen, Breheimen, Reinheimen og Trollheimen.

Om gudeheimen veit me frå all verdas segner at han ligg i fjellet. I Chichibu i Japan tok eg del i ein tradisjonsrik vognparade, under fjellet Boku, der guden Shenmaru bur. Gudeheimar er Sinai- og Moria-fjellet i jødedomen, Hira-fjellet i islam og Jotun- eller jotneheimen i norrøn verd. Somme kom galne attende frå fjellet. Hildringar og hallusinasjonar kan syna seg i ørkenen, på havet og i fjellheimen.

Var det for å sjå gudeheimen og gjesta gudane skrivaren kom den lange vegen frå havet til Gardberg? I så høve kom han til rette staden.

Slomanns draum

At gravfeltet fekk liggja så urørt i tusen år etter at det vart forlate, kom av låg dyrkingsintensitet så høgt i fjellet etter at gardane og vegane trekte seg mot dalbotnen. Sjølve gravplyndringa trur Slomann hende så seint som «i de to siste årtier av forrige århundre» då oldsakene «ble solgt til turister». Ein veit lite «om hva som har foregått her etter at gravfeltet gikk ut av bruk, trolig ved kristendommens innførelse», og garden her må ha «forsvunnet totalt før området nevnes i de skrevne kilder, d.v.s. i 1595».

Men Slomann såg framover: «Det mangler altså ikke på oppgaver for en tverrvitenskapelig undersøkelse av forholdene i Slidreåsen omkring Einangsteinen og det gravfelt den tilhører», skreiv ho i 1971, «en undersøkelse der man benytter ikke bare arkeologer, men også språkforskere, historieforskere, etnologer, pollenanalytikere, geografer, geologer og fysikere».

50 år seinare har ikkje så mykje hendt. Ja, Slomann er gløymd, ho òg. Eg finn ikkje eitt foto av henne på nettet, og inga omtale av henne i Store norske leksikon.

Som det står på ei nyare tavle her, sett opp av Kulturseksjonen i no nedlagde Oppland fylkeskommune: «I området er det funne fleire hustufter. Ingen av dei er førebels utgravne. Berre eit fåtal av gravene er undersøkte. Berre ein liten del av Einangfeltet er lagd til rette for publikum.»

Det var ein skrivar i Valdres på 300-talet, og han kalla seg Gudgjest.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Eg,
Gudgjest, rita
runene.»

Nord for Gardberg ligg heim bak heim – Jotun-
heimen, Breheimen, Reinheimen, Trollheimen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis