Frå sjakkverda

Sjakkprofessoren

Spansk opning mellom Rogoff og Carlsen i 2012.
Publisert

I kombinasjonen sjakk og sport er Simen Agdestein nummer éin (stormeister i sjakk, landslagsspelar i fotball). I sjakk og vitskap er amerikanaren Kenneth Rogoff (f. 1953) på topp.

Harvard-professoren har vore sjeføkonom for Det internasjonale pengefondet og er ein av verdas mest siterte økonomar. Sjakktalentet vart oppdaga i 1969 av den ti år eldre Bobby Fischer. Rogoff hoppa av skulen som 16-åring og vart sjakkproff i Europa. 

I 1978 vart han stormeister, men så var det slutt.

Rogoff vende attende til skulebenken og gjorde karriere på Yale, MIT, Princeton og Harvard. Det mest overraskande er korleis Rogoff fullstendig gav avkall på sjakken. Det krev viljestyrke ikkje å spela sjakk på 45 år jamvel om han den dag i dag seier at han «alltid tenkjer på sjakk». Då eg møtte han for nokre år sidan i Stavanger under Norway Chess, visste eg ikkje heilt kva eg skulle prata med han om. Han var ein fråfallen.

Berre tre gonger har Rogoff faktisk spela sjakk dei siste tiåra: Han spela eit parti mot ein seks år gamal son til ein kollega (men han nekta spela mot kollegaen); han spela ein blindsjakksimultan mot 12–14 studentar, noko eg har vanskeleg for å tru at er mogleg utan trening, og så rosina i pølsa: eit lynsjakkparti mot verds­einaren Magnus Carlsen i 2012. Utruleg nok enda partiet i remis i ei stilling som var teknisk vunnen for Rogoff.

I bøkene sine skriv han mykje om sjakk. Han reknar dansken Bent Larsen (verdas beste turneringsspelar i 1967) som den fremste tenkjaren i sjakkhistoria.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement