Fadomusikarar

1. António Zambujo: Med nase for reale mannfolk og god musikk fekk kona mi auge på og øyre for ein flott songar. Han stod der, oppetter ei søyle i restauranten på Bairo Alto, og song. Vakkert og vart. Fascinerande framandt, men kjent. Det var mest som om eg hadde kjent han heile livet. Den flotte musikaren gav gitarleksjonar for å livberge seg. Ein av fleire gongar vi var på fylla i lag, sa eg til han: Den dagen du spelar i Carnegie Hall, er eg der. Ja, vi var der.
2. Ricardo Ribeiro:Musikaren frå Lisboa kallar meg «habibi», “kjære” på arabisk, noko som skildrar forholdet vårt. Etter å ha halde publikum og Portugals president i 60 minuttars jarngrep på Verftet i Bergen, drog vi vidare til den vesle perla Eikefjord i Sunnfjord. Kyrkjekonserten var ein mellomstasjon på veg til Fadofestivalen i Ulsteinvik. Vår arabiske fellesskap kom tydeleg fram nett denne kvelden. Fado er musikk frå verda, ikkje berre Portugal.
3. Cuca Roseta: Songaren kom frå miljøet kring fadorestauranten Clube de Fado og gitaristen Mário Pacheco. Vi kalla henne Isabell, då Cuca vart vel drygt på store plakatar på Sunnmøre. Vakker i kropp, sjel og stemmeprakt. Dei kom frå ungkarsklubben på Sandsøya for å få med seg dette utanomsanselege mennesket. Ho gjekk frå pop til fado og vart stjerne, men først etter å ha teke turen innom Sunnmøre. Fado – lagnad – er kjærleik til menneske.