Bok
Elleve variasjonar over Finnmark
Finnmark er meir enn Finnmarksvidda. Randulf Valles turbok, der han tek oss med på fjellfiske etter laks og til Noregs offisielt audaste punkt, er like lærerik som ho er vakker.

Finnmark er vårt største fylke. Men folkesetnaden er den lågaste i landet, berre 75.000, altså jamstort med Tromsø. Og når 30.000 av finnmarkingane bur i dei tre største byane, blir det klårt kor tynnt fylket er folkesett – og kor gode moglegheiter dette gjev folkesky friluftsfolk til å ferdast einsamt i naturen. Metallurgen, villmarksforfattaren og naturfotografen Randulf Valle frå Gausdal har budd i fylket i ti år. I boka Friluftsliv i Finnmark deler han opplevingane frå det imponerande talet turar han i denne tida har lagt bak seg.
Elleve variasjonar
Valle deler Finnmark inn i elleve regionar, frå det alpine kystlandskapet i Loppa i vest til den aude Varangerhalvøya, som ligg lenger aust enn Istanbul. Einskildregionane har sitt eige kapittel med turskildringar gjennom ulike årstider. Kvart av desse blir avslutta med ein faktadel, der ein finn gode kart, relevante internettadresser og telefonnummer. Her får me òg praktiske opplysingar om kva typar friluftsliv regionen byr på – om turruter til fots, på ski (langrenn og toppturar) eller med kano, og kva høve her finst for sommar- og isfiske i fjellvatn, for elvefiske etter laks og sjørøye, eller for havfiske, og litt om småviltjakt. Slik kan boka lesast som ei inspirerande forteljing frå perm til perm, eller tena som oppslagsverk for konkret turplanlegging.
Varierte landskap
Valle ynskjer å syna at Finnmark er meir enn berre Finnmarksvidda. Landskapet er nemleg meir variert enn i noko anna fylke. På øya Seiland sørvest for Hammerfest finn me Seilands–jøkelen og Nordmannsjøkelen, to brear som kjem langt nede på lista over Noregs største, men likevel har to rekordar: Dei er våre nordlegaste og dei som ligg lågast over havet.
På eitt punkt deler desse breane lagnad med folkesetnaden i Finnmark: Dei minkar år for år. Ein skulle jo tru finnmarksbreane burde klara seg fint av di dei er så langt nord. Men dei ligg rett og slett for lågt over havet i høve til dagens klima, og sidan brearealet ligg innanfor eit lite høgdeintervall, er nedsmeltinga den raskaste i landet. Svartast er utsiktene for Langfjordjøkelen i Loppa, der istjukna minkar med halvannen meter i året, som er dobbelt så raskt som breane i Jotunheimen. Slår prognosane til om at gjennomsnittstemperauren i fylket dei neste 30 åra vil vera to grader varmare enn dei 30 åra frå 1960 til 1990, vil det knapt vera finnmarksbrear att i 2050.
Fjellaks
Mest interessant er kapitla om dei indre stroka, om Finnmarksvidda mellom Kautokeino og Troms, og dei glisne furuskogane i Øvre Anárjohka nasjonalpark. Sistnemnde grensar til Finnlands største nasjonalpark, Lemmenjoki, ei grense ein fritt får lov å kryssa som menneske, men ikkje som hund. I Øvre Anárjohka, der Valle har vore på fot- og kanotur med slukstong om sommaren, og med pulktrekkjande hundar og isfiskestong om vinteren, finn han myra som av Statens kartverk er kåra til Noregs mest aude punkt.
At det i elva Kárášjohka langt inne på Vidda vandrar opp laks, tretti mil frå sjøen (å gå strekninga tek to veker), er typisk for laksefisket i Finnmark. Eg kjem ikkje på nokon annan stad i Noreg der ein kan fiska laks på fjelltur, eit fiske som minner meir om aurefiske på Hardangervidda enn laksefisket i Sør- og Midt-Noreg. Dette kapitlet har nokre av dei finaste bileta; alle fotografia, som på grunn av bokas tverrformat kjem spesielt godt til sin rett, er tekne av forfattaren og syner imponerande høg teknisk og kompositorisk kvalitet.
Lemenår
Eit anna høgdepunkt er omtalen av Stabbursdalen nasjonalpark og Sennalandet, eit kapittel som bognar av dei små, lærerike tematiske utfluktene som kjenneteiknar Valles forteljarstil. I Stabbursdalen skildrar han lemenåret 2011, ein sommar då smågnagaren gjorde Finnmarksvegane utrygge (veggrepet blir borte når asfalten er pelskledd) og hundane hans beit sund 130 av arten på éi natt, sjølv om dei stod tjora så dei berre hadde éin meters radius å herja på.
Korleis lemenbestanden kan auka så eksplosivt når tilhøva er gunstige, synest uforklarleg. I barokken meinte lærde folk at dei blei til i skyene og regna over jorda. Valles forklaring er oppklarande: Teoretisk sett vil ei lemenhoe, som blir kjønnsmogen etter 21 dagar og får eit kull med fem ungar av kvart kjønn kvar tredje veke, (om alle avkoma er like produktive) etterlata seg 116.000.000.000.000.000.000.000 millionar etterkomarar når ho døyr etter 26 månader.
Ærleg
Valles forteljarstil er ikkje sprudlande, men konsis og stundom underfundig, og herleg fri for den turre telegramstilen eller det klisjéskjemde, overblømande språket me finn i grosset av nyare norske villmarksbøker. Det er ei ærleg bok, for skildringane verkar ikkje å vera dikta til rette for å gje forteljande schwung. Stundom går ikkje turane slik han hadde tenkt. «Friluftsliv skal ikkje vera ei straff», får me vita – vil ikkje skitvêret gje seg på langtur, noko som tyder våt sovepose og dammar i teltet, skjemmest han ikkje for å putla seg heim tidlegare enn planlagt. Slikt kan den unna seg som har Noregs største og mest skifterike natur framfor stovedøra.