Musikk
Eldfull iverNår ensemblet Die spelar Telemann, høyrer me kvar minste detalj.CDGeorg Philipp Telemann:
Når ensemblet Die Freitagsakademie spelar Telemann, høyrer me kvar minste detalj.

Det struttar av kraft og driv når det sveitsiske barokkensemblet Die Freitagsakademie spelar Georg Philipp Telemanns (1681–1767) kammer- og orkestermusikk. På albumet Telemann at Café Zimmermann syner dei kor virtuost denne tyske komponisten makta å veksla mellom ulike stilartar: Fyrste og siste stykket er orkesterouverturar, som består av ein pompøs opningssats fylgd av ei rekkje galante dansesatsar – desse er så franske at sjølv den staselskande «Solkongen» Ludvig XIV ville vore nøgd. Mellom orkesterouverturane får me fyrst ein solokonsert for obo d’amore (ein stor obotype), så tre kammersonatar for fiolinar – desse har den virtuose lettskapen og det godlynnet italienarane sette så høgt i barokken.
Solistisk besetning
Ensemblet nyttar kopiar av instrument frå Telemanns samtid. Kva særmerkjer spelestilen deira? Ulikt dei fleste opererer dei med såkalla «solistisk besetning» i orkestermusikken. Dette tyder at kvar styrkarstemme blir traktert av berre eitt instrument, ikkje – slik ein vanlegvis gjer – med tre eller fleire fiolinar på kvar strykarstemme.
Denne besetningsforma fører for det fyrste til at klangbiletet blir transparent; me høyrer tydeleg sjølv dei minste detaljane og legg merke til ulike særtrekk i spelestilen hjå dei to fiolinistane. For det andre blir dei tre oboane, som uansett orkesterstorleik alltid har solistisk besetning, meir klangleg jamstilte med fiolinane. I det heile kan me seia at orkestermusikken på denne måten læt meir som kammermusikk.
Vågnad
Det transparente ved denne besetningsforma er òg ein risiko. For sidan det ikkje finst noko orkestralt klangteppe å gøyma seg bak, blir kvar «unote» tydeleg. At intonasjonen til dei to fartsglade fiolinistane i Die Freitagsakademie blir litt uklår i dei snøggaste partia, kan eg leva med. Små venleiksfeil tek eg gjerne med på kjøpet, så lenge musikken blir spelt med den eldfulle iveren me her er vitne til – prestasjonen deira er meir underhaldande å lytta til enn teknisk strigla framføringar utan tydeleg grunnhått. Innspelingar av sistnemnde slag finst det uansett for mange av på CD-marknaden for tida.