Musikk

Eksentriske melodiar

Capella Orlandi Bremen får fram det spesifikt engelske i den londonske teatermusikken frå slutten av 1600-talet.

CD

John Eccles, Gottfried Finger:

Music for Theatre

Olivia Vermeulen, mezzo-
sopran; Capella Orlandi Bremen; dir.: Thomas Ihlenfeldt.
CPO 2018

Då den italienske operaen gjorde sitt inntog på Londons teaterscener på byrjinga av 1700-talet, fortrengte han langt på veg ei tradisjonsrik engelsk musikkdramatisk form som går attende til Shakespeares tid, den engelskmennene kallar Masque eller Semi-Opera. I motsetnad til italienske operaar var desse ikkje reine musikkdramatiske verk, men skodespel der den engelske teksten vekselvis blei talt og sungen, og der det i tillegg fanst dansenummer. Slike «halvoperaar» er det i dag vanskeleg å rekonstruera, men på plata Music for Theatre gjer det tyske Capella Orlandi Bremen, under leiing av den lutt- og gitarspelande Thomas Ihlenfeldt, ein ærleg freistnad.

Uventa ariar

Her får me musikalskteatralske smakebitar frå London i «restaurasjonstida», etter at kongedømet var gjenoppretta i 1660, og frå tida etter «den ærerike revolusjonen» i 1688–89, då den katolske Jakob II blei avsett og erstatta av den protestantiske dotter si, Maria II, og mannen hennar, Vilhelm av Oranien. Problemet er at det ikkje er overlevert partitur som omfattar heile verka, slike me som oftast har det frå «ekte» operaar; i engelske halvoperaar blei tydelegvis ikkje musikken og dramatikken sett på som eitt, difor lyt me gjetta oss fram til rekkefylgja på dei instrumentale innslaga. I denne innspelinga merkar me forvirringa ved at dei sungne ariane ofte kjem litt uventa, for mange av dei går i andre toneartar enn den reine instrumentalmusikken som blir spelt før og etter.

Alexanders ouverture

Mest får eg difor ut av å nyta dette albumet reint musikalsk, for det er ikkje alltid like lett å skjøna gangen i dramaa, som handlar om historiske personar som Aleksander den store og mytiske figurar som Akis og Galateia. Noko stort tap er dette ikkje, for musikken, som er av komponistane Gottfried Finger (ca. 1660–1730) og John Eccles (ca. 1668–1735), er framifrå: Orkestersuiten til Fingers Alexsander the Great byrjar med ein feiande ouverture i fransk stil, etterfylgd av kvikke dansar som «Jigg», «Gavott», «Minuett» og «Chacone». Capella Orlandi Bremen får fint fram dei spesifikt engelske kvalitetane i suitane, med kvasse punkteringar, abrupte harmoniske vendingar og eksentrisk korte melodifrasar – musikalske stiltrekk som minner om Finger og Eccles’ meir namngjetne kollega Henry Purcells operaar.