Musikk
Eksentrisk gambemusikk
Phantasm spelar gambemusikken til Christopher Tye med less is more-attityde.

Å kalla Phantasm verdas fremste gambeensemble er ingen kontroversiell påstand. Dei mange albuma dei har kome med sidan starten i 1994, held alle eit jamt høgt nivå, kjenneteikna av einskapleg og karakteristisk ensembleklang og evne til å setja seg inn i det musikalske universet til den aktuelle komponisten.
No er det den komplette gambemusikken til Christopher Tye (ca. 1505–1573) dei gjev oss. Ein gambe – frå italiensk «viola da gamba», som tyder «knefele» – er eit strykeinstrument i ulike storleikar som ein spelar vertikalt mellom eller oppå knea. På grunn av den mjuke, tandre klangen var han eit ynda kammermusikkinstrument i renessansen og barokken. Tye var kormeister ved Elykatedralen i Cambridgeshire og toneangjevande kyrkjemusikkomponist under fire engelske monarkar, frå Henrik VIII til Elizabeth I.
Kyrkjemusikken hans er vakker, men det er i kammermusikken for gambar han lèt fantasien få fritt spelerom. Her er han på sitt mest eksentriske, til dømes i satsen «Cry», som er spor tolv på denne plata: Hylinga og spetakkelet i Londons gater blir i tur og orden imitert gjennom ekstatiske utbrot i dei fem gambane, før det heile endar i ein febril runddans. Når det ligg så mykje uttrykkskraft i sjølve komposisjonane, er det viktig at utøvarane held litt att, elles kan det bli parodisk. Phantasm har skjøna dette, for dei legg seg på ei less is more-line, noko som fungerer framifrå.