Dystre prognosar
Ein kan ikkje stola på heimvende framandkrigarar som hevdar dei er «avradikaliserte», meiner den franske journalisten David Thomson.

Om ein ser bort frå folk i fransk påtalemakt, er nok journalisten David Thomson den franskmannen som har talt mest med franske IS-kjemparar – før dei drog til Syria, medan dei var der og etter at dei var vende attende til Frankrike. Som journalist i den franske radiostasjonen RFI hadde han gjennom seks år tallause intervju med franske islamistar – røynsler som resulterte i fleire bøker. Dette gjorde han ikkje ustraffa. I 2016 byrja drapstrugsmåla å tikka inn, noko som blei ei så stor personleg påkjenning at han flytte til USA, der han i dag lever under politivern.
Av dei 40 heimvende framandkrigarane han intervjua, er det berre éin han framleis har kontakt med. Denne er ein av dei yttarst få han kjenner seg sikker på verkeleg har brote med ideologien, fortel han i eit intervju som førre veke stod på prent i den franske avisa Le Figaro og tyske Die Welt. Her fortel han om kva som skil fengsla terroristar frå vanlege fangar, om kor fånyttes statlege tiltak for avradikalisering er, og om korleis terrorprognosane for Frankrike ser ut på lang sikt.
Fjernsynsdebatt
I 2014 deltok Thomson i ein debatt på fransk fjernsyn, der han åtvara om at franske framandkrigarar planla å drepa tilfeldige sivilistar på gata i Paris. Han fekk alle paneldeltakrane mot seg – å koma med slike påstandar var å nøra opp under populistisk hat mot muslimar, fekk han vita. Så kom attentatet mot Charlie Hebdo i januar 2015. Men heller ikkje dette gjorde at folk skjøna trugsmålet mot franskmenn flest; det var jo ein spesiell grunn til at nett denne satireavisa var blitt mål for ei terrorhandling, sidan dei hadde publisert Muhammed-karikaturar. Ifylgje Thomson var det fyrst etter det omfattande terroråtaket i Paris i november 2015 franskmennene fekk augo opp for omfanget av trugsmålet, at det var retta mot heile den franske folkesetnaden.
Skjerpa straffer
Korleis har franske styresmakter takla den nye røynda? Eit hovudproblem er at ein ikkje kan stola på heimvende framandkrigar som hevdar dei er «avradikaliserte», meiner Thomson. Dømet han syner til, er mannen som skar over strupen på ein gamal prest under ei messe i Saint-Étienne-du-Rouvray i Normandie sommaren 2016. Drapsmannen var ein straffedømd IS-tilhengar som lurte alle dommarar ved å hevda at han hadde vendt terrororganisasjonen ryggen. Etter berre ti månadar i fengsel slapp han ut, utstyrt med elektronisk fotlenkje. «Etter terroren i Normandie skjerpa det franske rettsvesenet domane andsynes heimvende framandkrigarar; mange blei no dømde til lange fengselsstraffer. Men når jihadistar sit fengsla, har dei ein tendens til å halda endå sterkare fast på ideologien og dei terroristiske intensjonane», fortel Thomson.
Dei statlege tiltaka for avradikalisering har vore ein farse, meiner han, og syner til ein kvinneleg Syria-farar han intervjua. «Etter at ho var heimvend til Frankrike, blei ho send til eit senter for avradikalisering», fortel Thomson. «Det fyrste ho fekk beskjed om då ho kom til senteret, var å opptre i kringkastinga og fortelja kor grundig ho var blitt avradikalisert. Men etter eit par månadar var ho attende hjå IS i Syria.»
Ifylgje Thomson har det aldri funnest nokon statleg metode for avradikalisering: «Dei som hevdar at slikt finst, har politiske eller forretningsmessige interesser. Svindlarar har kunna tuska til seg hundretusenvis av euro i statlege tilskot.»
Fare på lang sikt
Når det gjeld terrorfaren i framtida, er problemet at demokratiet ikkje kjempar med dei same våpena som jihadistane, meiner han. For terroristane som sit i fengsel, har godt minne og opererer med stort tolmod på lang sikt – slik skil dei seg frå det franske rettsvesenet. «Ein går ut ifrå at halvparten av dei terroristane som no er dømde og sit fengsla i Frankrike, vil bli lauslatne innan 2020. På kort sikt er altså terrorfaren i Frankrike gått ned. Men på lang sikt trur eg biletet ser heilt annleis ut», seier Thomson til Le Figaro.
– Det har aldri funnest nokon statleg metode for avradikalsiering.
David Thomson, journalist og terrorekspert