Film

Dronning vil ikkje

Ei god historie treng ikkje alltid vera historisk korrekt.

Saoirse Ronan spelar glimrande i rolla som Mary.
Saoirse Ronan spelar glimrande i rolla som Mary.

Historisk drama

Regi: Josie Rourke

Mary Queen of Scots

Med: Saoirse Ronan, Margot Robbins, James McArdle

I 1561 vender unge Mary Stuart (Ronan) tilbake til Skottland etter å ha hatt størstedelen av oppveksten i Frankrike. Ho tek rettmessig over krona frå halvbroren, kong James (McArdle), men målet er å regjera over heile Britannia og verta arvtakar etter dronning Elizabeth (Robbins), som per no berre styrer som overhovud over Skottland.

Ikkje heilt

Korleis historia endar, veit dei fleste – Mary Stuart mista hovudet. Som filmen viser, mista ho på mange måtar hovudet opptil fleire gongar opp mot endelykta i 1587. Ho klarte aldri å oppnå den maktstatusen ho drøymde om, heller ikkje som katolsk martyr, som var det siste forsøket hennar på å påverka omdømet sitt. Kanskje historia kunne sett annleis ut om ho berre hadde halde seg på godfot med dei mektige herrane og mektigast av alle, dronning Elizabeth.

Og her lyt ein svelgja nokre klyper salt og berre lata ein del detaljar stå opne. Mary Queen of Scots vil heller vera ein underhaldande film enn ei dønn korrekt gjengjeving av alt som skjedde. Var den andre ektemannen hennar og far til arveprinsen verkeleg homofil? Og var det verkeleg eit så fargerikt fellesskap som hoffet i filmen framstiller det? Ingen av delane er direkte usant, då mykje tyder på at lord Darnley hadde affærar med menn og det var mange svarte i England på denne tida. Men den største kunstnariske fridomen ligg i at dei to dronningane faktisk møttest ansikt til ansikt. For det gjorde dei altså aldri.

Queenie

Så gjer det noko? For meg er det mest avgjerande at regissør Josie Rourke, saman med manusforfattar Beau Willimon, har klart å levandegjera dronning Mary og visa ein samansett personlegdom som ein kan både beundra og forakta for mange forhasta avgjersler og innfall. I lys av aukande islamofobi er det også særs interessant å bli påmint kor intenst hatet mellom enkelte protestantar og katolikkar var, og korleis religion blir brukt i maktkamp, då som i dag.

Men best av alt er framstillingane av dei to dronningane: Saoirse Ronan som Mary er knallgod, men eg seier som eg har sagt ein del gongar no: Margot Robbins! Ho er fabelaktig! Mange har portrettert dronning Elizabeth, men denne tolkinga ligg heilt i toppsjiktet. Ikkje sidan Elizabeth (1998) med Cate Blanchett har eg vore så fascinert over Jomfrudronninga. Kanskje med unntak av Miranda Richardsons briljante humortolking i Blackadder II (1986). Alle slags manus, drama og triks blir tomme utan at hovudpersonane fungerer, og i Mary Queen of Scots er dei formidable.