Musikk
Doggfrisk dåm

Det er utruleg at Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) makta å skriva eit så lyst og sorglaust verk som Sinfonia concertante i Ess-dur, KV 364, når me tek omstenda i augesyn: Året var 1779, og han hadde lagt ut på ei lite vellukka ferd til Paris, der mora – hans einaste reisfylgje – døydde, og 23-åringen stod einsam att. Solistane til det norske Ensemble Allegria spelar dette fyrste verket på plata si livfullt og presist, men i orkesteret er der somme stader litt teknisk rusk. (Eg tenkjer til dømes på horninnsatsen midt i andresatsen og somme av fiolininnsatsane.)
Det andre stykket på plata er av Arnold Schönberg, nemleg strykeorkesterversjonen av Verklärte Nacht, op. 4, frå 1899. Stilistisk soknar dette verket til seinromantikken og ikkje den beinharde modernismen komponisten utvikla i byrjinga av 1900-talet. Verket er eit «symfonisk dikt», for det byggjer på eit dikt med same namn av fin de siècle-poeten Richard Dehmel (1863–1920). Handlinga er denne: Ei kvinne og kjærasten hennar vandrar gjennom ei stjerneklar natt. Ho tilstår at ho har vore utru, men mannen tilgjev henne og lovar at han skal elska både henne og barnet ho ber på, som er avla av ein annan. Ensemble Allegria spelar her ypparleg, særleg mot slutten, der dei får til ein vedunderleg transparent orkesterklang – ein dåm av noko doggfriskt som ber bod om ein at ny dag er i emning.