Musikk
Dogens musikantar

Una Serata Venexiana (ein venetiansk aftan), kallar det tyske tidlegmusikkensemblet Capella de la Torre det nye albumet sitt, der dei med 23 einskildstykke frå fyrste helvta av 1600-talet freistar å fortelja ei historie om blåsarar og styrkarar som tevlar mot kvarandre musikalsk.
Heilt overtydande er ikkje dette narrativet, for ein må lesa seg kraftig opp i omslagsteksten for å fatta det. Men så er det i grunnen ikkje viktig heller – albumet er avvekslingsrikt instrumentert og gjev oss eit levande bilete av kva bymusikantane til dogen (statsoverhovudet) av Venezia spelte i overgangen frå renessansen til barokken, i tida då instrumentalmusikken utvikla seg til ein eigen sjanger ved sida av vokalmusikken.