Musikk
Distinkt artikulasjon

Ein kjend komponist som lét seg inspirera av Giuseppe Torellis nymotens solokonsertar for fiolin og orkester, var Johann Sebastian Bach (1685–1750). I 1714, medan han var konsertmeister ved hertughoffet i Weimar, fekk han Torelli-notar i hende, og blei så fascinert at han straks transkriberte dei for orgel.
Den ungarske organisten Joseph Kelemen spelar ei slik orgelomarbeiding på Bach-albumet med det litt platte namnet Famous Organ Works. Programmet verkar òg litt samanrøska, for her får me alt frå preludium og fugar til konsertomarbeidingar, koralomarbeidingar og utdrag frå samlinga Kunst der Fuge.
Kelemens spel er det derimot ikkje noko å seia på. Særleg likar eg den distinkte artikulasjonen som er godt avpassa akustikken i rommet. Det mest interessante ved albumet er likevel instrumentet: Det originale barokkorgelet i
klosterkyrkja Grauhof i dagens tyske delstat Niedersachsen, som blei laga i 1730-åra av orgelbyggaren Chistoph Trautmann den eldre (1673–1757). Klangen er fantastisk, for det har framleis den gamle barokke stemmemåten, den som gjer at parti som går i «fjerne toneartar» som Fiss-dur og b-moll læt temmeleg skeive. Toneartane får slik kvar sin unike karakter, ein effekt som forsvinn når ein stemmer instrument på moderne vis.