Musikk
Diktatorisk direksjon

Berre halvparten av Mozarts Requiem i d-moll, KV 626, er skriven av Mozart sjølv, for då han døydde i desember 1791, var verket langt frå ferdig. Stykket blei likevel ikkje verande fragment, noko me kan takka kona hans, Constanze, for. Ho gav nemleg Franz Xaver Süssmayr, Mozarts assistent, i oppdrag å fullenda det, truleg på grunnlag av komposisjonsnotat Mozart hadde etterlate seg.
Sjølv om mange meiner det er ein markant kvalitetsforskjell mellom Mozart- og Süssmayr-delen av dødsmessa, er ho blitt eit av dei mest spelte og innspelte kyrkjemusikkverka våre. Innspelinga til den greske dirigenten Teodor Currentzis og det russiske ensemblet MusicAeterna (ei relansering frå 2010) merkjer seg ut ved ein uvanleg høg teknisk presisjon i framføringa. For klangbiletet er lytelaust som i ei studioinnspeling av popmusikk, noko som kan førast attende til at Currentzis nyttar same framgangsmåte som popmusikarar i studio: Små frasar blei spelte inn gong på gong til dei sit perfekt, og lydbalansen mellom dei ulike instrumenta og songarane er kraftig justert av lydteknikarane i ettertid.
Korleis fungerer ein slik framgangsmåte når ein speler inn klassisk musikk? Eg lyt vedgå at det somme stader læt medrivande, særleg i dei snøgge satsane. Men med musisering, med musikalsk dialog mellom menneskerøyster og instrument, har han lite sams. For musikarane reagerer ikkje på kvarandre i samspelet, dei slavar fullstendig etter Currentzis’ diktatoriske direksjon. Sidan alt heterogent er retusjert bort, kling det klinisk reint. Ei meir uorganisk innspeling av Mozarts rekviem-messe skal ein difor leita lenge etter.