Den lange marsjen til Taliban
Igjen herskar Taliban over Afghanistan. Korleis kunne denne rørsla reise seg etter det audmjukande nederlaget i 2001?
Når vi no ser dei kaotiske scenene frå evakueringa av Kabul og bileta av sjølvsikre, skjeggete krigarar som poserer i presidentpalasset, verkar det nær uskjønleg kor lett det var for amerikanarane og deira allierte å velte Taliban-regimet i 2001. Kombinasjonen av høgteknologiske åtak frå lufta og dei lokale bakkestyrkane til afghanske krigsherrar – inkludert krigarar på hesteryggen – dreiv styrkane til Taliban på flukt i løpet av nokre veker den hausten.
I dag står Taliban truleg sterkare enn nokon gong og har kontroll over så godt som heile Afghanistan – også område dei aldri erobra i 1990-åra. Det har skjedd etter nesten 20 år med krig mot ein overmektig fiende som var betre rusta på alle tenkjelege måtar, og som hadde langt fleire soldatar på bakken enn Taliban hadde. Men den afghanske hæren og politistyrkane som USA og andre vestlege land brukte nærare tusen milliardar kroner på å byggje opp, kollapsa nesten over natta da Taliban starta framrykkinga si for alvor. Og for å skjøne korleis alt dette er mogleg, er det verdt å sjå nærare på historia til Taliban-rørsla. Mykje av denne framstillinga byggjer på boka Taliban av den pakistanske journalisten Ahmed Rashid.
Ein hard skule
Taliban voks fram i løpet av borgarkrigen i Afghanistan i 1990-åra. Sovjetunionen hadde trekt seg ut av det øydelagde landet i 1989, men krigen heldt fram mellom det kommunistiske Najibullah-regimet og mujahedinane som hadde kjempa mot dei sovjetiske styrkane. Og så snart regjeringa fall, byrja dei ulike krigsherrane å krige mot kvarandre. Midt i dette kaoset dukka det i 1994 opp ei mystisk gruppe med djupt religiøse menn i områda kring Kandahar sør i landet, og dei gjorde rask framgang i krigen.
Taliban hadde røter i det sterkt religiøse mujahedinpartiet Harakat-e-Inqilab, som hadde kjempa mot Sovjetunionen, men ikkje var med i borgarkrigen som følgde. Den nye rørsla baserte seg på kommandantar med religiøs bakgrunn, og ein god del av Taliban-krigarane hadde vakse opp i flyktningleirar i Pakistan, der mange hadde bakgrunn frå koranskular. Ordet «talib» tyder elev, og desse elevane var indoktrinerte i ein ekstrem og puritansk versjon av islam som var nokså framand i store delar av det mangfaldige Afghanistan.
Etniske skilje
Ifølgje Ahmed Rashid visste mange av dei yngre Taliban-krigarane lite om det landet dei prøvde å erobre, og dei hadde lite erfaring frå krigen mot russarane. Men Taliban naut godt av økonomisk og militær hjelp frå Pakistan, der regjeringa og hæren såg på gruppa som ein reiskap for å sikre pakistanske interesser i det kaotiske nabolandet. I tillegg var etnisitet viktig: I borgarkrigen vart etniske og sekteriske skiljeliner ofte til skyttargraver. Taliban var ei nesten reint pashtunsk rørsle. Pashtunarane er den største folkegruppa i Afghanistan, og hadde vore politisk dominerande i landet gjennom 300 år. Men under borgarkrigen hadde andre folkegrupper, som usbekarar og tadsjikar, fått ein sterkare posisjon, og dette gjorde det lettare for Taliban å mobilisere lokale pashtunarar for saka si: Dei skulle få att den vande plassen sin som herrar i landet.
Vanstyret, korrupsjonen og herjinga til kommandantane i dei områda dei kontrollerte, gjorde det òg mogleg for Taliban å stå fram som ein slags redningsmenn: Taliban kunne tilby lov og orden i staden for kaos. Og for eit krigstrøytt folk kunne sjølv dei strengaste lover verke meir attraktive enn lovløyse. Alt i 1996 inntok Taliban Kabul, og dei vart visstnok godt mottekne av store delar av befolkninga, som vona at dette var slutten på lidingane. Det var det ikkje: Taliban ville ikkje dele makta med nokon, og innførte eit svært brutalt styresett som gjekk aller verst ut over kvinnene. I 1997 hadde rørsla fått kontrollen i det meste av Afghanistan. Unnataket var ein del nordlege provinsar, der krigsherrane i det som seinare vart kjent som Nordalliansen, klarte å halde stand.
Røvarkjøpet
Styret til Taliban fekk ein brå slutt i 2001. I borgarkrigen i Afghanistan hadde dei fått hjelp av krigarane til Osama bin Laden og al-Qaida, og det skapte eit lojalitetsband mellom Taliban-leiinga og terroristrørsla. Men å gje vern til bin Laden viste seg å vere eit fatalt mistak. Etter terroråtaka 11. september gjekk USA og andre Nato-land til krig i Afghanistan, og bombinga av Taliban-styrkane rydda vegen for krigarane til Nordalliansen. Ifølgje Ahmed Rashid mista Taliban kring 10.000 mann i denne krigen, omtrent ein femtedel av styrkane deira. President George W. Bush omtalte denne triumfen som «a bargain» – eit røvarkjøp, ein siger vunnen med liten kostnad for USA. Men den billege sigeren skulle koste dyrt. Fordi Nato-landa ikkje hadde sett inn nemneverdige bakkestyrkar, klarte både dei fleste al-Qaida-leiarane og mykje av hæren til Taliban å rømme til Pakistan, eller dei forsvann attende til landsbyane sine.
Den amerikanske regjeringa gjekk raskt over til å planleggje krigen mot Irak. I Afghanistan prioriterte USA «krigen mot terror», og dei første åra vart lite gjort for å etablere ein fungerande stat og ein effektiv hær i Afghanistan. Stadige bombeåtak og overgrep frå ein hær der tadsjikane var dominerande, forsterka misnøya blant pashtunarane. Og i ro og mak fekk Taliban byggje seg opp att i Pakistan, med hjelp frå den pakistanske hæren og etterretninga. I 2003 byrja rørsla igjen med spreidde åtak sør i Afghanistan, og dette auka på i åra som følgde.
Ny frammarsj
Igjen kunne Taliban hauste frukter av vanstyret til dei som herska i landet. I det «frigjorde» Afghanistan fekk dei gamle krigsherrane stort sett gjere som dei ville, så lenge dei ikkje utfordra den skøyre sentralmakta eller amerikanarane for mykje. På denne tida var det berre nokre få tusen utanlandske soldatar i landet, og Nato-soldatane heldt seg i Kabul. Den spinkle afghanske staten stødde seg på kommandantar med fryktelege rulleblad og tok somme av dei inn i regjeringa. Ein amerikansk senator som heitte Joe Biden, kritiserte denne lina i 2002 og kom med ei skarp åtvaring: «USA har erstatta Taliban med krigsherrane (...). Vi gjer dei faktisk til kjernen i strategien vår.»