Film

Den kulaste draken

Denne dokumentaren om ikonet Bruce Lee viser at han vart ikonisk mot alle odds.

Bruce Lee i filmen frå 1973.
Bruce Lee i filmen frå 1973.Bruce Lee i filmen frå 1973.

Dokumentar

Kona, dottera og ymse filmbransjefolk fortel om den spede starten, kampen om aksept og den spektakulære, men post mortem-suksessen han endeleg oppnådde.

Kung Fu

Bruce Lee vart fødd i 1940 på Chinese Hospital i San Francisco, då faren på den tida turnerte med ein operatrupp i USA. Oppveksten fekk han i Hong Kong, men faren sende sonen tilbake til Sambandsstatane for å få skikk på han. Denne splittinga mellom aust og vest er kanskje det mest fascinerande med dokumentaren Be Water, som viser forskjellsbehandlinga asiatiske vart og framleis vert utsette for i landet der alle skal vera jamstilte, men aldri ser ut til å verta det.

Stereotypiske framstillingar av den servile asiaten med gliper til auge og tannfylte flir såg ut til å regjera så til dei grader at då den karismatiske, knallpene, dyktige Bruce Lee fekk gehør for kampsportideane sine via TV-serien Kung Fu, gav dei heller den kvite skodespelaren David Carradine hovudrolla. Ein annan TV-serie, Green Hornet (1966–67) lét likevel Lee få jobben som hjelparen Kato, der han fekk vist fram evnene sine.

Utover dette var det som kung fu-trenar for skodespelarar som Steve McQueen og James Coburn han kom nærast Hollywood. For roller som den underdanige, latterlege kinesartenaren nekta han å ta, og då var det ikkje mykje att for han i USA.

Drakevegen

Eg hugsar ikkje kor gamal eg var då eg såg Enter the Dragon (1973), men filmen gjorde uutsletteleg inntrykk på meg. Ikkje berre den utruleg stilige filminga og dei fabelaktige slåstscenene med Bruce Lee i sakte film, men det at damer spelte både tøffe heltinner og tøffe slemmingar og slo frå seg så det stod etter.

Det var ingenting servilt over Lees karakter her – tvert om. For meg manifesterte han seg som nok ein asiatisk stereotyp: den sindige, kloke, filosofiske, fysisk overlegne kinesaren. Bruce hadde flytta tilbake til Hong Kong og spelt inn Way of the Dragon (1972) og Fist of Fury (1972), produsert for eit kinesisk publikum. Endeleg ville amerikansk filmbransje satsa på han, men rett før Enter the Dragon skulle ha premiere i Los Angeles, døydde Bruce Lee.

Eg kjem ikkje over kva for ein enorm storleik han faktisk er i dag; det er nesten femti år sidan han døydde, og det med berre ein knapp handfull filmar på CV-en. Men vegen fram til der vegen brått slutta, har eg visst lite om. Og eg har ikkje reflektert overvettes over kva generasjonar av kinesisk-amerikanarar har tolt av nedverdigande framstillingar. Det fekk Be Water meg til å gjera.