Musikk
Den beste Orfeo-en
Furio Zanasi syng hovudrolla som Orfeus med makelaus delikatesse.

DVD
Store gestar og enorm patos får me frå fyrste stund i denne beste DVD-produkjonen av Claudio Monteverdis opera Orfeo frå 1607. (Les eit samandrag av handlinga på reportasjesidene i denne avisa.) For i same sekund som orkesteret stemmer i den prektige opningsfanfaren med paukar og trompetar, fer dirigenten Jordi Savall – forkledd som Monteverdi sjølv – ned midtgangen i Gran Teatre del Liceu i Barcelona så den svarte kappa flagrar.
Ekstreme register
Prologen til La musica – ho som personifiserer musikken og kunngjer at me no skal få høyra om songaren Orfeus – blir gjort med ekstrem eleganse av sopranen Montserrat Figueras (dirigenten Savalls no avdøde kone). Ein litt distansert venleik er det òg over Eurydike, som blir sungen av sopranen Arianna Savall (dotter til dirigenten; ja, Savall er kjend for å driva opera som familieføretak).
Dei beste songprestasjonane får me – ikkje uventa – av Orfeus sjølv, spela av Furio Zanasi. Ikkje berre rår denne italienske barytonen problemlaust over det ekstremt vide stemmeregisteret rolla fordrar, som krev at ein syng høgt som ein tenor og djupt som ein bass. Zanasi framfører òg den uvanleg komplisert ornamenterte klagesongen til Orfeus i dødsriket med makelaus delikatesse.
Vel høgtidsam
Orkesteret Le Concert des Nations, som nyttar kopiar av 1600-talsinstrument, spelar fantastisk og realiserer Monteverdis kompliserte partitur til punkt å prikke. Freistnaden på å gjera alt historisk korrekt pregar heile denne oppsetjinga frå 2002, noko som gjev operaen ein vellukka lydleg, visuell og dramatisk einskap. Om det er noko å utsetja på han, er det at den dramatiske stilen jamt over blir i overkant høgtidsam. For jamvel det dansande koret av enkle nymfer og gjetarar ser ut til å pusta ei anna luft enn oss dødelege – dette svekkjer skilnaden mellom høg- og lågstil i operaen.