Musikk
Delikat lippebruk

Brørne Marc og Pierre Hantaï frå Paris er gamle travarar på tidlegmusikkscenen. Men sjølv om dei no tilhøyrer den eldre garden av barokkmusikarar, syner dei med dette albumet at dei framleis held aller høgaste nivå. Saman har dei spelt inn fem av Johann Sebastian Bachs (1685–1750) verk med «traversofløyte», den barokke tverrfløyta av tre med berre éin klaff. Sterkast inntrykk gjer tolkinga av den veldige Sonate i h-moll for traverso og obligat cembalo, BWV 1030, eit stykke som lyt reknast som det mest krevjande i heile den barokke fløytelitteraturen. Marc Hantaï demonstrer ein makelaus delikat lippeansats, elegant dynamisk svell på dei lange tonane og nyanserik artikulasjon. Og broren Pierre parerer med merksamt samspel i den vridne cembaloparten, ei stemme som er ei utfordring for sjølv den beste cembalist.