Musikk

Concerti bolognesi

Fiolinisten Julia Schröder spelar solokonsertar av solokonsertens far, Giuseppe Torelli.

CD

Colonna, Torelli, Alberti, Petri, Zavateri, Laurenti:

Bologna 1666

Kammerorchester Basel; solofiolin og leiing: Julia Schröder. Deutsche Harmonia Mundi 2018

Bologna 1666, heiter det nye albumet til sveitsiske Kammerorchester Basel, der dei byd på strykarmusikk av seks forskjellige komponistar frå 1600- og 1700-talet. Kva skjuler seg bak albumnamnet? I 1666 blei Accademia filarmonica, Italias mest kjende og eksklusive musikarsosietet, grunnlagd i den norditalienske universitetsbyen Bologna. Felles for dei seks komponistane på plata er at dei alle var medlemer i dette filharmoniske selskapet.

Krevjande prøve

Accademia filarmonica fungerte ikkje berre som lokal fagforeining for musikarane som spelte i orkesteret i San Petronio-basilikaen, Bolognas hovudkyrkje. Selskapet sette seg òg føre å sameina dei beste tonekunstnarane i Europa, og dei krevjande opptakskrava var illgjetne. Frå Wolfgang Amadeus Mozarts Bologna-besøk i 1770 veit me korleis opptaksprøvane gjekk føre seg: Fjortenåringen frå Salzburg fekk utdelt ein einstemmig gregoriansk koral (kyrkjesalme) og blei innelåst på eit lite rom. Innan éin time skulle denne gregorianske koralen vera omgjord til kjernen i ein komplisert firstemmig messekomposisjon.

Solokonsertens far

Julia Schröder fungerer «i personalunion» både som Kammerorchester Basels solofiolinist og ensembleleiar. Sidan dei fleste komposisjonane er solokonsertar for fiolin og strykeorkester, har ho difor mykje å gjera. Spesielt inspirerande må det vera at fleire av solokonsertane er av Giuseppe Torelli (1658–1709), komponisten som fann opp sjangeren «solokonsert for fiolin» og slik la grunnlaget for ei av dei viktigaste musikalske formene i vår vestlege kunstmusikk.

Torellis Konsert for fiolin og orkester i d-moll er eit døme på ein slik tidleg solokonsert. Stykket er verkeleg vrient å spela, for solostemma kryp opp i fiolinens høgaste register. Men det taklar Julia Schröder utan problem. Ho spelar med stort teknisk overskot, slank og fin feletone og ulasteleg intonasjon – alt i perfekt samspel med kammerorkesteret ho leier.