Musikk

Bryt ut i dans

CD

Johann Rosenmüller:

Laudate Dominum

Ensemble 1684, dir.: Gregor Meyer. CPO 2017

Tyske Johann Rosenmüller (1617–1684) er ein komponist eg stadig lèt meg imponera av. Den musikalske innfallsrikdomen hans er eineståande, og sjølv om han komponerer innanfor den protestantiske kyrkjemusikktradisjonen, overraskar han stadig med originale påfunn. På denne fine plata med Leipzig-baserte Ensemble 1684, ei gruppe som spesialiserer seg på Rosenmüller, kjem den største overraskinga i verket Nun danket alle Gott («No takkar alle Gud») for seks vokalsolistar, seksstemmig kor, fire trombonar, strykarar og basso continuo. For midt i dette elles så alvorsame stykket, på staden der teksten er «Gjev han oss eit frydefullt hjarte», kjem plutseleg ein kvikk, norditaliensk dans.