Musikk

Botnlaus Monteverdi

CD

Claudio Monte-verdi:

Scherzi Musicali. Venezia 1607

L’Esa Ensemble; Baschenis Ensemble; dir. Sergio Chierici. Tactus 2018

Claudio Monteverdi (1567–1643) gav ut samlinga Scherzi musicale a tre voci i 1607, same året som han urframførte verdas første skikkelege opera L’Orfeo ved hoffet i norditalienske Mantova.

At samlinga er sett saman av eldre verk, merkar me ved at dei kling meir som typisk renessansemusikk. Songarane syng nemleg ikkje saman med instrumenta, slik som i barokkmusikken, men opptrer alternerande med kvar sine vers.

Musikken er framifrå, og instrumentalistane i Baschenis Ensemble spelar sobert. Det kan diverre ikkje seiast om songarane i L’Esa Ensemble, som i solopartia knapt høyrest profesjonelle ut. Spesielt irriterande er det at bassongaren syng så svakt at lydbiletet manglar botn og blir klangleg topptungt.