Musikk

Boblande overskot

CD

Wolfgang Amadeus Mozart:

Mozart for Wind Octet

Oslo Kammerakademi.
LAWO 2017

I dei to hundre åra fram til siste helvta av 1700-talet var Italia musikkens heimland. Men i tiåra før 1800 mista dei førarstillinga – frå då av var det i Wien det hende: Standardiserte besetningsgrupper som strykekvartett og symfoniorkester oppstod, slike som framleis dominerer konsertsalane. Ei anna besetningsgruppe som festa seg i Wien kring 1770, men som ikkje overlevde tida på same måte, var den sokalla «harmonimusikken». Denne bestod som regel av åtte blåsarar (oktett), med to oboar, to horn, to fagottar – og to klarinettar, dåtidas nye moteinstrumentet.

Oslo Kammerakademi har no spelt inn to av Wolfgang Amadeus Mozarts (1756–1791) blåseoktettar – verk som er noko av det beste som er skrive for denne besetninga: den muntre Serenaden i Ess-dur, KV 375, og den alvorsame Serenaden i c-moll, KV 388. Framføringa er beint fram kosteleg, med perfekt intonasjon og boblande musikalsk overskot.