Film
Blomeange og bondeanger
Barndom kan vera ein hard dom å leva med.

Drama
På eit småbruk på Austlandet har Trond (Skarsgård) slått seg ned etter at kona døydde. Dette var barndomsparadiset hans, og no vil han ha fred frå omverda.
Men minna kjem tilbake i form av Lars (Floberg), ein av veslebrørne til den rare kompisen Trond leika med i feriane. Tydelegast av alt er minna om sommaren då faren forsvann.
Bok til film
Boka til Per Petterson har fått filmatisk handsaming av Hans Petter Moland. Då kan det ikkje anna enn bli storslått og kjendistungt, og minimumskrav er at Stellan Skarsgård må vera med, så får det våga seg at han snakkar svensk.
Det får heller ikkje vera så nøye at det austnorske landskapet er filma i Litauen og Slovakia – utlendingar som skal sjå filmen merkar ikkje dette, Noreg er jo synonymt med fjell, ikkje sant? Og for nokre fine fjell! Eg får lyst til å dra på ferie til dette «Sverige» som far til Trond peikar ut når dei følgjer tømmeret langs elva.
Utover geografiske sidesprang har boka tolt overgangen til film svært godt. Eg har enkelte ting å utsetja på innhaldet, men sidan det er så lenge sidan eg las boka, veit eg ikkje om det er Moland eller Petterson som skal ha skulda for å degga for klisjeen om at kvinna hovudsakleg er til som mor og/eller forførar. Heldigvis kan den einaste kvinna med lerretstid i filmen ro ein båt i tillegg til å løfta på kjolekanten slik at blondene visest. Godt det er premiere 8. mars.
Balanse
Filmen er full av lukter: nyslått gras, avbarka tømmerstokkar, kokekaffi på kaldt kjøken. Ut og stjæle hester må rett og slett kallast ein sanseleg film, og eg er særleg glad eg har høyresansen i behald, for musikken er verkeleg noko av det som hevar filmen. Den danske komponisten Kaspar Kaae har med seg eit strengensemble som gjev filmen akkurat passe norsk preg, men utan å verka nasjonalistisk – til det er det for minimalistisk og eksperimentelt. Balansegangen mellom mystisk musikk og dvelande tablåtakingar fungerer fabelaktig og opprettheld mykje av spenninga og stemninga gjennom dei nesten to timane.
Og så må eg seia at Bjørn Floberg er frykteleg fin som Lars, den rare naboen som heldigvis ikkje blir ein sjablong av bygdetullingen, men eit sårt portrett av ein mann som ein gong var ein unge.