Biletas tryllekrins
Mona Høvring skriv dikt med retorisk medvit og politisk kraft.
Diktboka Jente med blomsterhjerne er ikkje skoren over éin lest. Poeten Mona Høvring lèt dikta referere til andre bøker og skriv nærmast konsekvent i ulike format gjennom dei fem bolkane i boka. Og sjølv om Høvring paradoksalt nok femnar over eit vidt sett av sjangrar, ho har sett "dikt og skjebnefortellinger" som sjangernemning og kallar nokre av dikta eventyr, finn alle tekstane saman i det som er lyrikkens fremste kjenneteikn, fortettinga.
<2>Blomemotiv
<4>Daudinghovudet kan ein finne som piktogram på giftflasker, i teikneseriar eller på huda som tatoveringar. I mellomalderen framstilte ein daudinghovudet med blomar veksande or kraniet. Blomane minte om livet etter dauden. Blomemotivet finst også hos Høvring, i Jente med blomsterhjerne, der blomane er smelta saman. Ikkje med den daude skallen, men med den levande hjernen, som om etterlivet alt har byrja.
Dikta handlar om å bryte ut or mønster, livsutkast og framtidsbilete. Utopien og lagnaden, som er omgrep dikta er i dialog med, er bestemmande for notida. Høvring syner at desse framtidsbileta, anten det er tale om lagnad, idyll eller utopi, er djupt tvitydige. Eksistensen deira er avhengig av herredømmestrukturar. «Vær så snill, gi meg et belte, sa jenta. Så skal jeg binde sammen disse blomstene for dere.» Her ser ein korleis ’blomstene’ vert omringa av orda ’belte’ og ’binde’. I det å skape noko vent, ein blomekrans, ligg tvang og underkasting.
<2>Fleirtydig
<4>Idyllen, slik han er framstilt på omslaget, har motsette tydingar: Det kan uttrykkje eit falskt medvit, som legitimerer den herskande ordenen, eller ein utopi som trugar med å kollkaste han.
Mona Høvrings dikt er i alarmberedskap, i den forstand at språket aldri er nøytralt. Språket kan tvert om nøytralisere mennesket. Poeten snur og vender på eit bilete til desse illevarslande, giftige sidene syner seg. Andre stader tonar berre språkbileta fram i all si vene enkelheit: «lassoen av sorg som huset slynga mot meg».