Film
Betre enn frykta
Men frykta sat godt i etter at eg hadde sett originalen frå 1957.

Unge, entusiastiske resepsjonist Poppe (Nordrum) vil berre fylgja i fotspora til bestefaren, men jammen blir det krøll når direktør Blom (Vogt) vert så stressa av all ekstraservicen som Poppe gjev for påskekosen si skuld, at hjartet hans stoppar. Introduser: virvar, forviklingar og fulle kjølelager.
Snertefritt
Manusforfattar Karsten Fullu har filmar som Kaptein Sabeltann og den magiske diamant (2019) og Månelyst i Flåklypa (2018) på CV-en i tillegg til episodar for Side om side og Nesten voksen. Og ein kan vel seia at stilen på manuset i Fjols til fjells ligg ein plass mellom der, pluss ein god dæsj av åttitalssuksessen Weekend med Bernie (1989).
Den store snerten manglar, sagt med andre ord. Nordrums Poppe er også nedtona og lite faktete, men heller ikkje veldig morosam. Han minner meir om Kenneth Parcel-karakteren i komiserien 30 Rock enn Leif Justers klassiske tolking. Vel å merka når «klassisk» betyr totalt overdrive og meint for revyscene heller enn for lerretet.
Edith, då
For å ha samanlikningsgrunnlag sette eg på Edith Carlmars originale Fjols til fjells (1957) og lét meg sjokkera langsamt inn i fuglekassa. Om eg får all verdas nostalgikarar på nakken, får det våga seg: for ein håplaus komedie! Han finst ikkje morosam, eller truverdig, eller spennande, eller noko som helst.
Er det mogleg at humoren var så ellevilt dårleg tilbake på femtitalet? Med dette utgangspunktet var eg spent på nyinnspelinga. Det vil seia, eg var spent på om det gjekk an å gjera det verre enn det alt var. Kom dei til å toppa replikkar som «Si meg, er De fra vettet?» og responsen «Nei, jeg er fra Drøbak»?
Alle over hundre år kjem nok til å verta skuffa om dei forventar dette nivået. Alle vi andre kan trekka eit letta sukk og kanskje til og med vurdera å ta med ungane på kino i påska.